Norskopplæring
Norskopplæring
Det er eit mål at alle som bur i Noreg, skal meistre norsk. Eit felles språk er med på å skape ein fellesskap og gjer integreringa lettare. Avhengig av kva type opphaldsløyve ein har i Noreg, vil utlendingar som buset seg i Noreg, få ulike tilbod om norskopplæring. Nokre har både rett til gratis norskopplæring og plikt til å gjennomføre opplæringa. Andre har plikt til å ta norskopplæring, men må betale sjølve.
Kor lenge norskopplæringa til dei som har rett og plikt skal vare, kjem an på kva for eit norsknivå som er sett som mål for den einskilde. Nivåa er delte inn i A1, A2, B1 og B2 etter det europeiske rammeverket for språk.
I utgangspunktet blir målet sett etter kva utdanningsbakgrunn deltakaren har når han eller ho kjem til Noreg. Jo høgare utdanning, desto høgare mål. Målet kan justerast undervegs når ein ser kva progresjon deltakaren har. All norskopplæring må vere avslutta i løpet av tre år. For dei som har vidaregåande skule eller høgare utdanning, gjeld ein frist på 18 månader. Opplæringa blir avslutta med ei prøve i norsk for å dokumentere kva språknivå ein har oppnådd.
Korleis lære norsk?
Språk lærer ein seg på mange måtar og på ulike arenaer. Dei fleste går på norskkurs for å få tilrettelagd og systematisk undervisning. I tillegg er ein omgjeven av det norske språket heile tida når ein bur i Noreg. Ein vil høyre folk snakke norsk på bussen og i butikken, og ein vil møte språket på TV, i radio, i aviser og på sosiale medium. Dei som har barn, høyrer barna snakke norsk med vener, og dei må bruke norsk når dei møter barnehagepersonale eller lærarar.
Dersom ein er aktiv og interessert sjølv, kan ein finne mange moglegheiter til å praktisere norsk kvar dag. Takkar ein ja til eit tilbod om språkpraksis på ein arbeidsplass, får ein ei unik moglegheit til å lære språket i eit naturleg miljø.
Kjelde: IMDi
Snakk saman
- Snakk saman om kva moglegheiter de har til å møte det norske språket til dagleg.
- Kvifor er det viktig at alle som bur i Noreg, kan forstå og snakke norsk?
- Korleis kan ein sjølv vere aktiv i språklæringa?
Vel rett svar.
Kva språknivå er definerte i det europeiske rammeverket for språk?
Fullfør setninga.
All norskopplæring må vere avslutta i løpet av tre år. For dei som har vidaregåande skule eller høgare utdanning, gjeld ein frist på ...
Vel rett svar.
I utgangspunktet blir målet sett etter kva utdanningsbakgrunn deltakaren har når han eller ho kjem til Noreg. Kva tyder dette?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?