Det moderne Noreg
Det moderne Noreg
I dag er Noreg eit moderne og multikulturelt land. Levestandarden er høg, og samfunnet er prega av moderne teknologi. Noreg deltek òg i internasjonalt samarbeid som påverkar norsk politikk, mellom anna i FN, NATO og EØS.
Dersom vi spør ein tilfeldig vald person om kva for verdiar som er viktige i det norske samfunnet i dag, vil vi sannsynlegvis få høyre at nokre av dei viktigaste verdiane er likeverd og fridomen til å bestemme over sitt eige liv.
Noreg har, som dei fleste andre land og samfunn, mange lover. Lovene byggjer i stor grad på prinsippet om likeverd mellom menneske og gjev innbyggjarane mange rettar. Under skal vi sjå på eit par faktorar som har vore med på å gjere Noreg til det samfunnet vi kjenner i dag. Dei store folkerørslene har hatt mykje å seie for utviklinga av det moderne Noreg. Arbeidarrørsla og kvinnerørsla har vore særleg sentrale.
Arbeidarrørsla
Arbeidarrørsla i Noreg har røter attende til 1600-talet, men blei meir organisert frå 1880-åra då det blei skapt fleire industriarbeidsplassar. Frå byrjinga på 1920-talet fekk rørsla meir å seie. Arbeidarrørsla har kjempa fram betre vilkår for arbeidarar, mellom anna kortare arbeidsdagar, betre tryggleik på arbeidsplassane, sjukeforsikring og rett til økonomisk støtte ved arbeidsløyse. I dag er rundt halvparten av alle arbeidstakarar organiserte i ei fagforeining.
Kvinnerørsla
Kvinnerørsla har kjempa for kvinner sine rettar i samfunnet og like moglegheiter for menn og kvinner. I Noreg var kvinnerørsla aktiv frå 1880-åra, og allereie i 1913 fekk norske kvinner stemmerett.
Kvinnekampen skaut fart att i 1970-åra. I 1978 kom lov om svangerskapsavbrudd (abortlova). Lova gjev mellom anna kvinna rett til å ta abort før trettande veke av svangerskapet. Retten til skilsmål, rett til prevensjon, sjølvbestemd abort og kvinner sin rett til å bestemme over sin eigen kropp har vore viktige saker for kvinnerørsla.
I dag har kvinner og menn lik rett til utdanning og arbeid, eigedom og arv, og til medisin og god helse. Eit menneske sine rettar og moglegheiter blir ikkje lenger definerte ut frå kva kjønn ho eller han høyrer til. Somme vil likevel seie at det på nokre område framleis står att ein del arbeid før vi har oppnådd full likestilling.
Olje
På 1960-talet ønskte fleire selskap å leite etter olje og gass utanfor kysten av Noreg. I 1967 blei det første oljefunnet gjort i Nordsjøen, og frå då av utvikla Noreg seg til å bli ein oljenasjon. Dette har hatt mykje å seie for den norske økonomien. Akkurat som med vasskrafta femti år tidlegare, blei oljeressursane òg haldne i offentleg eige. Private selskap fekk kjøpe rettar til å leite etter, bore og utvinne olje i avgrensa område og i avgrensa tidsrom. I dag går det føre seg ein diskusjon i samfunnet om oljeindustrien. Det er ikkje semje om kva konsekvensar industrien har for naturen og miljøet.
Snakk saman
- Før 1850 budde om lag femten prosent av folket i byane. Rundt 1900 budde trettifem prosent av folket i byane, og i dag bur om lag åtti prosent av innbyggjarane i Noreg i byar og tettstader. Skjer det ei slik utvikling i andre land du kjenner til?
- Diskuter positive og negative sider ved at folk flyttar frå landet til byane.
- Snakk saman om kva arbeidarrørsla har hatt å seie for utviklinga av det moderne Noreg. Har det skjedd ei liknande utvikling i andre land du kjenner til?
- Snakk saman om kva kvinnerørsla har hatt å seie for utviklinga av det moderne Noreg. Har det skjedd ei liknande utvikling i andre land du kjenner til?
- Snakk saman om kvinner sine rettar i Noreg og andre delar av verda før og no.
- Har det noko å seie for Noreg at landet ikkje er medlem av EU?
- Noreg blei eit rikt land etter at det blei funne olje og gass i Nordsjøen på slutten av 1960-talet. Men retten til gratis skule, gratis eller subsidiert helsehjelp, kortare arbeidsdagar, sjukeforsikring osv. kom før olja blei funnen. Snakk saman om verdiane som ligg til grunn for desse ordningane.
Vel rett svar.
Kva prosentdel av norske arbeidstakarar er organiserte i ei fagforeining i dag?
Vel rett svar.
Når blei det funne olje i Nordsjøen?
Vel rett svar.
Kva gjev abortlova av 1978 rett til?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?