Reglar for opphald
Reglar for opphald
Ein innvandrar er ein person som er fødd i utlandet, men som bur i Noreg. Innvandrarar i Noreg har ulike typar opphaldsløyve og ulike rettar.
- Innbyggjarar frå EU/EØS-land kan jobbe i Noreg utan å søkje om opphaldsløyve, men dei må registrere seg hos politiet. Registreringa er digital.
- Overføringsflyktningar eller kvoteflyktningar kjem til Noreg etter avtale med UNHCR (FN). Dei får eit mellombels opphaldsløyve når dei kjem til landet.
- Ein person som blir individuelt forfølgd i heimlandet på grunn av rase, religion, nasjonalitet, seksuell legning eller politisk arbeid, kan få asyl i Noreg. Asylsøkjarar kjem sjølve til Noreg og søkjer om asyl. Dei kan få avslag eller bli innvilga asyl/opphald på grunnlag av sterke menneskelege omsyn.
- Familiemedlemar til personar som har fått opphaldsløyve i Noreg, kan søkje om familiesameining.
Til dagleg blir overføringsflyktningar og personar som har fått innvilga asyl/opphald ut frå sterke menneskelege omsyn, kalla for flyktningar.
Dei tre eller fem første åra i Noreg får ein eit mellombels opphaldsløyve. Dette løyvet må som regel fornyast kvart år. Etter tre eller fem år kan ein søkje om permanent opphaldsløyve. Etter seks, sju eller åtte år kan ein søkje om norsk statsborgarskap.
Kjelde: www.udi.no
På nettsidene til UDI kan du fylle ut informasjon og få tilpassa rettleiing. Du kan òg levere aktuelle søknader digitalt her. Sida finst i norsk og engelsk utgåve.
Internett
Snakk saman
- Kven avgjer kven som får bu i eit land?
- Kan alle som vil, flytte til heimlandet ditt?
- Kvifor får ikkje alle som vil, opphaldsløyve i Noreg?
- Kva ansvar har eit land som tek imot flyktningar, og kva ansvar har flyktningen sjølv?
Vel rett svar.
Kva ligg i ordet innvandrar?
Vel rett svar.
Kan innbyggjarar frå EU/EØS-land jobbe i Noreg utan å søkje om opphaldsløyve?
Vel rett svar.
På kva for nettside kan ein fylle ut informasjon og få tilpassa rettleiing i opphaldssaker?
Vel rett svar.
Kva kan familiemedlemar til personar som har fått opphaldsløyve i Noreg, søkje om?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?