Mellomalderen og unionstida

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Snakk sammen

Læreren må kjenne til historien i deltakernes hjemland.

Når man snakker om svartedauden, vil det sannsynligvis være nærliggende å snakke om covid-19 og hvordan denne smitten har gått verden rundt. Man kan også snakke om samarbeid om vaksiner og tiltak på tvers av land.

Hent gjerne inn stoff fra leksjonen om religion og religionsfrihet.

Dersom det passer, kan man trekke paralleller til politikk og konflikter i deltakernes hjemland. Hvordan reagerer mennesker på at fremmede makter tar kontrollen i landet?

Tips til undervisninga

Snakk saman

Læraren må kjenne til historia til deltakarane sine heimland.

Når ein snakkar om svartedauden, vil det sannsynlegvis vere nærliggjande å snakke om covid-19 og korleis denne smitta har gått verda rundt. Ein kan òg snakke om samarbeid om vaksinar og ulike tiltak på tvers av land.

Hent gjerne inn stoff frå leksjonen om religion og religionsfridom.

Dersom det passar, kan ein dra parallellar til politikk og konfliktar i heimlanda til deltakarane. Korleis reagerer menneske på at framande makter tek kontrollen i landet?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på noen av de viktigste historiske hendelsene og prosessene som har dannet grunnlaget for framveksten av demokratiet i Norge  

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Mellomalderen og unionstida

Olav den Hellige faller på slagmarken. Tegning.
H. Egedius

Kristendomen kjem til Noreg

Kristendomen var den vanlege religionen sør i Europa lenge før han kom til Noreg. Etter at Olav Haraldsson blei drepen i slaget på Stiklestad i 1030, fekk sonen til Olav hjelp av kyrkja til å gjere far sin til helgen. Etter kvart blei fleire av dei mektige bøndene og hovdingane kristne. Når dei som hadde makt skifte tru, gjorde fleire og fleire vanlege folk det same. Kyrkja fekk snart veldig stor makt. Folk måtte betale skatt til kyrkja, og mange gav òg frå seg land til kyrkja. Religionen tok stor plass i livet til vanlege menneske.

Svartedauden

En trapp i et trehus. En skummel kvinne som ser ond ut titter opp fra kjelleren. Hun symboliserer pesten. Tegning
Foto: Nasjonalmuseet/Morten Thorkildsen «Pesta i trappen» tegna av Theodor Kittelsen.

Folketalet i Norge auka frå eitt hundre og femti tusen til omtrent fire hundre tusen i åra mellom 1000 og 1300 e.Kr., trass mykje daude og sjukdom. Om lag halvparten av barna døydde før dei blei eitt år gamle, og mange kvinner døydde når dei skulle føde barn.

Midt på 1300-talet herja ein pandemi. Denne pandemien blei kalla svartedauden fordi menneska som blei smitta, fekk store, blåsvarte byllar på kroppen. Dei fleste som blei smitta, døydde i løpet av nokre få dagar. På verdsbasis reknar ein med at mellom syttifem millionar og to hundre millionar menneske døydde i pandemien. Rundt halvparten av innbyggjarane i Europa døydde. I Noreg drap sjukdomen ein tredel av folket.

Kyrkja, kongen og adelen får makt

I mellomalderen var folk flest bønder. I vikingtida hadde dei fleste bøndene eigd garden og jorda si sjølve, men no måtte dei betale skatt til kyrkja, kongen og adelen. Dei som ikkje greidde å betale skatten, måtte gje frå seg jord. På denne måten blei kyrkja, kongen og adelen rikare og rikare, medan vanlege folk blei fattigare.

Dei første byane i Noreg blei grunnlagde på denne tida. Dei største var Bergen (Bjørgvin), Trondheim (Nidaros), Oslo, Stavanger og Tønsberg.

Union

I løpet av 1300-talet fekk Danmark meir og meir makt over Noreg, og frå 1397 var Noreg i union med Danmark og Sverige. Unionen hadde éin felles konge. Etter kvart trekte Sverige seg ut av unionen, men unionen mellom Danmark og Noreg varte heilt til 1814. Politikken blei styrt frå Danmark. København var det kulturelle midtpunktet i unionen, og nordmenn las og skreiv dansk. Norske bønder betalte skatt til kongen i København, og nordmenn reiste til København for å studere.

Protestantismen

Martin Luther i hans fødeby, Eisleben i Tyskland. Han har på seg en kappe og holder en bok. Han ser bestemt ut i lufta. Foto
GettyImages Martin Luther

I 1517 starta eit religiøst opprør. Den tyske munken Martin Luther protesterte mot makta til den katolske kyrkja. Martin Luther fekk fleire tilhengjarar. Desse tilhengjarane blei kalla protestantar fordi dei protesterte. Fleire kongar i Nord-Europa stødde Martin Luther. Den danske kongen gjekk over til protestantismen. Protestantismen var statsreligion i Noreg heilt fram til statskyrkjeordninga blei avvikla i 2012.

Snakk saman

  • Korleis var historia i heimlandet ditt i denne perioden?
  • Kom svartedauden til heimlandet ditt?
  • Kan du sjå nokre parallellar til vår tid?
  • Religionen tok stor plass i livet til menneska. Kyrkja hadde mykje makt. Korleis trur du at dette påverka menneska? Korleis er dette i dag?
  • Korleis trur du at unionen med Danmark påverka menneska i Noreg og det norske samfunnet si utvikling?
To åpne hender med et trekors. Foto.
GettyImages

Vel rett svar.

Kor stor del av folket i Noreg døydde under svartedauden?

Vel rett svar.

I kva for eit år blei Norge med i ein union med Sverige og Danmark?

Vel rett svar.

Kva protesterte den tyske munken Martin Luther mot på byrjinga av 1500-talet?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Svartedauden herja på midten av 1200-talet.
Rundt halvparten av innbyggjarane i Europa døydde under svartedauden.
I mellomalderen måtte dei fleste bøndene betale skatt til kyrkja, kongen og adelen.
Unionen med Danmark varte til 1905.
Protestantismen var statsreligion i Noreg fram til 2012.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Kyrkja fekk mykje makt i Noreg etter år 1030.
I mellomalderen var folk flest jegerar og fiskarar.
For rundt tusen år sidan døydde omtrent halvparten av barna før dei blei eitt år gamle.
Bergen heitte Bjørgvin i mellomalderen. Trondheim heitte Nidaros.
Medan Noreg var i union med Danmark, las og skreiv nordmenn dansk.