Demokratiet i Noreg
Sjå filmen
Demokratiet i Noreg
Staten, fylkeskommunane og kommunane
- Noreg er delt inn i 15 fylke og 356 kommunar (1.1.2024).
- Fylka og kommunane er både geografiske område og politisk styrte einingar.
- Både fylkeskommunane og kommunane har sjølvråderett i ein del saker, sjølv om staten òg bestemmer mykje.
- Staten set rammer for fylkeskommunane og kommunane.
- Staten bestemmer over heile landet, medan fylkeskommunane og kommunane berre bestemmer lokalt.
Dette er nokre av ansvarsområda til staten:
- utanrikspolitikk
- sjukehus
- lover
- læreplanar for skulen
Dette er nokre av ansvarsområda til fylkeskommunen:
- vidaregåande opplæring
- fylkesvegar
Dette er nokre av ansvarsområda til kommunen:
- grunnskular
- barnehagar
- eldreomsorg
- renovasjon, vatn og avløp
- kommunale vegar
Politisk og administrativ styring
Det er dei folkevalde politikarane som styrer staten, fylkeskommunane og kommunane. Det vil seie at politikarane diskuterer ulike saker og avgjer kva politikk som skal gjelde på ulike område. Men det er byråkratane – altså dei tilsette i staten, fylkeskommunane og kommunane – som set politikken ut i livet.
Døme:
- Politikarane vedtek læreplanar for skulen. Lærarane underviser etter desse planane.
- Politikarane vedtek reglane for utbetaling av sosialstønad. Dei tilsette i Nav må følgje desse reglane.
Stortinget
Den norske nasjonalforsamlinga heiter Stortinget. På Stortinget sit det 169 representantar som blir valde av folket for fire år om gongen. Stortingsrepresentantane representerer ulike politiske parti. Stortinget er den øvste statsmakta i Noreg.
Dei viktigaste oppgåvene til Stortinget er
- å vedta nye lover og endre gamle lover
- å vedta statsbudsjettet
- å kontrollere regjeringa og statsforvaltninga
- å drøfte politiske spørsmål og store prosjekt
Noreg har eit ope demokrati. Alle som vil, kan vere til stades i Stortinget og høyre på når politikarane diskuterer ulike saker. Publikum har likevel ikkje rett til å snakke eller uttale seg om saker i Stortinget. Mange saker blir sende ut på høyring. Då har fagmiljø og vanlege folk sjansen til å uttale seg.
Regjeringa
Etter eit stortingsval dannar eitt eller fleire parti ei ny regjering. Regjeringa består av statsrådane (den politiske leiaren for kvart departement) og statsministeren. Ei av regjeringa sine oppgåver er å føreslå nye lover og endringar i lovene, men det er Stortinget som vedtek lovene og lovendringane. Regjeringa skal sørgje for at dei sakene som blir vedtekne i Stortinget, blir gjennomførte i praksis. Regjeringa lagar òg eit framlegg til statsbudsjett kvart år.
Statsråd
Regjeringa har møte med kongen kvar fredag. Då informerer statsrådane kongen om ulike politiske saker. Desse møta blir kalla statsråd. Kongen har lite politisk makt, men desse møta er likevel viktige.
Maktfordelingsprinsippet
Maktfordelingsprinsippet tyder at makta blir delt mellom tre uavhengige statsmakter:
- ei lovgjevande makt – Stortinget – som vedtek lover
- ei utøvande makt – regjeringa – som føreslår lover og sørgjer for at dei blir sette i verk og gjennomførte
- ei dømande makt – domstolane – som dømer i rettssaker etter lovene som Stortinget har vedteke
Når makta er fordelt på desse tre, får ingen av dei for stor makt åleine. Dette sikrar demokratiet.
Snakk saman
- Snakk om styringsorgana i land du kjenner til.
- Diskuter korleis makta er fordelt i Noreg.
- Diskuter staten, fylkeskommunane og kommunane sine oppgåver i eit velferdssamfunn.
- Korleis kan du påverke samfunnet du lever i?
- Trur du at det er lettare å påverke lokale enn nasjonale saker? Kvifor eller kvifor ikkje?
Vel rett svar.
Kva for nokre av alternativa er statlege ansvarsområde?
Vel rett svar.
Kva heiter den norske nasjonalforsamlinga?
Vel rett svar.
Kva er ein statsråd?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?