Ny i Noreg

  • Kvifor flyttar menneske til andre land? Kva ønske kan dei ha for livet i det nye landet?
  • Kva visste du om Noreg før du kom hit? Kvar fekk du informasjon frå? Stemde informasjonen?
  • Dersom du samanliknar Noreg og landet du kjem frå, kva tenkjer du er dei største likskapane? Kva er dei største ulikskapane?
  • Korleis trur du at eit typisk liv i Noreg er?
  • Kva veit du eigentleg om nordmenn?

Til alle tider har menneske av ulike årsaker flytta på seg og busett seg på nye stader og i nye land. Somme flyttar av økonomiske årsaker, på grunn av jobb eller kjærleik, andre flyktar frå krig. Somme er eventyrlystne og vil berre ha forandring, eller dei vil studere ved eit spesielt universitet.

Det bur ca. 5,4 millionar menneske i Noreg. Om lag éin million av dei er fødde i utlandet eller har foreldre som er fødde i utlandet. Det utgjer rundt atten prosent av innbyggjarane i Noreg. Om lag halvparten av innvandrarane i Noreg har norsk statsborgarskap.

Samanlikna med situasjonen i dag, var menneska i Noreg svært fattige for litt over hundre år sidan. Sjølv om folk var fattige, hadde Noreg likevel den høgaste levealderen i verda. I dag er Noreg eit rikt land. Menneska her har høgare levestandard enn i dei fleste andre land i verda. Alle lever ulike liv, men likevel har menneska som bur her, mykje til felles.

  • Dei fleste har ein grei økonomi. Dei eig eller leiger ein bustad, har nok mat og klede, og har til og med litt pengar til overs.
  • Velferdsstaten gjev hjelp og tenester til innbyggjarar som treng det.

Kjelde: SSB

Tips til undervisningen

På youtube ligger det små filmer/bildeserier som viser norsk natur.

Bruk gjerne boka til Julien S. Bourrelle “The Social Guidebook to Norway” som en humoristisk inngang til nordmenns liv og væremåte.

Snakk sammen

Stikkord til refleksjonsoppgavene: krig, politikk, framtidsutsikter, utdanning, kjærlighet, familie, eventyrlyst, økonomi, klima

Man kan sammenlikne familieliv, arbeidsmarked, utdanningsmuligheter, geografi, historie, natur, klima, religion, politikk

Hva visste deltakerne før de kom? Hva vet de nå? Har noen synspunkter/oppfatninger/tanker endret seg?

Snakk om kunstverket

Kjerre, kvinner med skaut og to menn som skal utvandre til Amerika. Maleri.
Foto: O. Væring Eftf. AS «Utvandrere» malt av Gustav Wentzel (1900).

Tips til undervisninga

På YouTube ligg det små filmar/biletseriar som viser norsk natur.

Bruk gjerne Julien S. Bourrelle si bok "The Social Guidebook to Norway" som ein humoristisk introduksjon til livet og veremåten til nordmenn.

Snakk saman

Stikkord til refleksjonsoppgåvene: krig, politikk, framtidsutsikter, utdanning, kjærleik, familie, eventyrlyst, økonomi, klima

Ein kan samanlikne familieliv, arbeidsmarknad, utdanningsmoglegheiter, geografi, historie, natur, klima, religion, politikk

Kva visste deltakarane før dei kom? Kva veit dei no? Har dei endra synspunkt på eller meiningar/tankar om noko?

Snakk om kunstverket

Kjerre, kvinner med skaut og to menn som skal utvandre til Amerika. Maleri.
Foto: O. Væring Eftf. AS «Utvandrere» malt av Gustav Wentzel (1900).