Introduksjonsprogrammet og integreringslova
Introduksjonsprogrammet og integreringslova
Introduksjonsprogrammet har som mål
- å gje deltakarane grunnleggjande norskferdigheiter
- å gje deltakarane grunnleggjande innsikt i norsk samfunnsliv
- å førebu deltakarane til arbeid eller utdanning
Styresmaktene i Noreg veit at det er vanskeleg å finne jobb og forsørgje seg sjølv den første tida i eit nytt land. Difor har Stortinget vedteke ei lov som blir kalla integreringslova. Denne lova gjev mellom anna norske kommunar i oppgåve å tilby introduksjonsprogram til flyktningar. I dette programmet skal deltakarane lære seg norsk og få opplæring og kunnskap om det norske samfunnet og det norske arbeidslivet. Målet med programmet er at deltakarane skal kome i jobb eller utdanning når programmet er ferdig. Programmet kan vare mellom tre månader og tre år, alt etter kva skulegang og erfaring personen har frå før. Dei som deltek i programmet, får økonomisk støtte.
Introduksjonsprogrammet skal innehalde
- norskopplæring
- hjelp til å meistre livet i eit nytt land
- foreldrerettleiing (for alle som har barn under 18 år)
- arbeids- eller utdanningsretta innhald
Kjelde: IMDi
Snakk saman
- Kvifor blir flyktningar tilbodne eit introduksjonsprogram?
- Kvifor får ikkje alle flyktningar dette tilbodet?
- Kva for krav bør ein stille til dei som deltek i introduksjonsprogrammet?
- Kva trur du dei som deltek i programmet, ventar? Kva ventar samfunnet av dei som deltek i programmet?
Vel rett svar.
Kva er målet med introduksjonsprogrammet?
Vel rett svar.
Kor lenge varer introduksjonsprogrammet?
Vel rett svar.
Kven vedtok integreringslova?
Vel rett svar.
Kven tilbyr introduksjonsprogrammet?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?