Vidaregåande skule og høgare utdanning.

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Se filmen

Videoen består av 14 klipp som viser aktiviteter og hendelser på videregående skole og universitet/høyskole. Først ser vi ulike arbeidsmåter som blir brukt på videregående: klasseromsundervisning, gruppearbeid, jobbe sammen to og to og plenumsdiskusjon. Så ser vi klipp fra yrkesfaglig utdanning, fra en kjemilab og fra en kunsttime. I den siste delen av filmen ser vi klipp fra universitetet/høyskole: selvstendig arbeid på biblioteket, kollokviegruppe og en forelesning.

Forslag til spørsmål

Hva kan man lære av å gå på videregående, utover det faglige?
Synes du videregående burde vært obligatorisk, slik som grunnskolen er? Hvorfor? Hvorfor ikke?
Hva er det viktig at elevene lærer seg på videregående? Hvilke fag synes du alle videregående skoler burde ha?

Hva kan man lære av å studere, utover det faglige?
Noen ganger får studentene karakterer på skriftlige eller muntlige eksamener. Andre ganger får studenter karakter på gruppeoppgaver eller individuelle oppgaver. Hva mener du er den beste måten å vurdere studentene på? Hvorfor?

Snakk sammen

Samfunnet I Norge blir mer og mer spesialisert, og teknologiske løsninger tar over manuelle arbeidsoppgaver. Dessuten blir de fleste forbruksvarene vi kjøper i Norge, produsert i andre land. Arbeidsplassene som finnes i Norge, krever derfor en annen type kompetanse enn tidligere. Videregående skole er regnet som nødvendig for å lykkes i arbeidslivet.

De viktigste næringsveiene i Norge nå og i nær fremtid er trolig innenfor tjenesteytende næringer, handel og teknologi. Dette er næringsveier som krever spesiell fagkunnskap og kompetanse. Hva betyr det for deltakerne i gruppa?

Snakk gjerne om Lånekassens betydning for at alle skal ha mulighet til å ta en høyere utdanning. Snakk om lån generelt. Er det et problem for noen av deltakerne å betale renter ut fra religiøs eller kulturell bakgrunn? Hvordan håndtere dette i et vestlig samfunn? Snakk også om forskjellen på lån og stipend.

Tips til undervisninga

Sjå filmen

Videoen inneheld 14 klipp som viser aktivitetar og hendingar frå den vidaregåande skulen og universitet/høgskular. Først ser vi ulike arbeidsmåtar som blir brukte på vidaregåande: klasseromsundervisning, gruppearbeid, jobbe saman i par og plenumsdiskusjon. Så ser vi klipp frå yrkesfagleg utdanning, frå ein kjemilab og frå ein kunsttime. I den siste delen av filmen ser vi klipp frå universitet/høgskule: sjølvstendig arbeid på biblioteket, kollokviegruppe og ei førelesing.

Framlegg til spørsmål

Utanom det faglege, kva kan ein lære av å gå på vidaregåande?
Synest du at vidaregåande burde vore obligatorisk slik grunnskulen er? Kvifor? Kvifor ikkje?
Kva er det viktig at elevane lærer seg på vidaregåande? Kva for fag tykkjer du at alle vidaregåande skular burde ha?

Utanom det faglege, kva kan ein lære av å studere?
Nokre gonger får studentane karakterar på skriftlege eller munnlege eksamenar. Andre gonger får studentane karakter på gruppeoppgåver eller individuelle oppgåver. Kva meiner du er den beste måten å vurdere studentane på? Kvifor?

Snakk saman

Det norske samfunnet blir meir og meir spesialisert, og teknologiske løysingar tek over manuelle arbeidsoppgåver. Dessutan blir dei fleste forbruksvarene vi kjøper i Noreg, produserte i andre land. Arbeidsplassane som finst i Noreg, krev difor ein annan type kompetanse enn før. Vidaregåande utdanning er rekna for naudsynt for å lukkast i arbeidslivet.

Truleg vil dei viktigaste næringsvegane i Noreg no og i den nære framtida vere innanfor tenesteytande næringar, handel og teknologi. Desse næringsvegane krev spesiell fagkunnskap og kompetanse. Kva har dette å seie for deltakarane i gruppa?

Snakk gjerne om kor viktig Lånekassen er for at det skal vere mogleg for alle å ta høgare utdanning. Snakk om lån generelt. Er det deltakarar i gruppa som ut frå religiøs eller kulturell bakgrunn har eit problem med å betale renter? Korleis kan ein handtere dette i eit vestleg samfunn? Snakk òg om skilnaden mellom lån og stipend.

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

samtale om sentrale verdier som det norske skole- og utdanningssystemet bygger på, og hva som forventes av foreldre i samarbeidet mellom skole og hjem
gi eksempler på barn, unge og voksnes rettigheter, plikter og muligheter i det norske utdanningssystemet, og hvordan utdanning kan finansieres
gi eksempler på hva skattefinansiert velferd innebærer

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse
Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet
Utforsking
Video

Sjå filmen

Vidaregåande skule

Dei fleste yrke krev utdanning frå vidaregåande skule eller høgare utdanning. Dei aller fleste vel difor å halde fram med utdanning etter grunnskulen.

  • Elevar mellom 16 og 25 år har rett til ein plass på vidaregåande.
  • Det er gratis å gå på offentlege vidaregåande skular.
  • Elevane vel mellom studieførebuande og yrkesfaglege studieretningar.
  • Elevane må søkje på vidaregåande skule før 1. mars, og dei søkjer på internett.
  • Karakterane frå 10. klasse avgjer kva for ein vidaregåande skule elevane får byrje på.
  • Det finst nokre private vidaregåande skular. På ein privatskule må ein betale ein eigendel.

Yrkesfagleg studieretning: Elevane får ei praktisk utdanning og eit fagbrev når dei har fullført utdanninga. Døme på praktiske utdanningar er snikkar, frisør, helsefagarbeidar og bilmekanikar.

Studieførebuande studieretning: Elevane får ei teoretisk utdanning. Elevar med vitnemål frå ei studieførebuande studieretning kan søkje opptak til universitet og høgskular.

Internett

En ung kvinne i rørleggeruniform og med skiftenøkkel i hånda står ved et rørsystem og skrur. Bildet illustrerer en elev som går yrkesfaglig utdanning. Foto
GettyImages
Elever sitter i et klasserom og har gruppearbeid. De har PC-er og skriveblokker. Bildet illustrerer elever som går studiespesialiserende studieretning. Foto
GettyImages

Kjelde: SSB

Høgare utdanning

GettyImages

Eit moderne velferdssamfunn er avhengig av høg sysselsetjing, teknologi, produksjon og nyskaping. Difor treng Noreg høgt utdanna innbyggjarar. Det offentlege bidreg til dette, mellom anna ved å sørgje for eit likeverdig utdanningstilbod til alle.

Om lag trettifem prosent av alle vaksne i Noreg har høgare utdanning. Fleire og fleire unge tek høgare utdanning, og utdanningsnivået i Noreg aukar heile tida. I dag er om lag seksti prosent av studentane kvinner, og kvinner har eit litt høgare utdanningsnivå enn menn. Samanlikna med andre grupper, er ein større prosentdel av norskfødde med innvandrarforeldre i høgare utdanning.

Alle som har studiekompetanse frå den vidaregåande skulen, kan søkje om studieplass på høgskular og universitet.

  • Det er gratis å studere ved universitet og offentlege høgskular, men studentane må betale bøkene sjølve.
  • Samordna opptak styrer opptaket til høgskular og universitet. Informasjon om søknadsfristar ligg på nettsida.

Lånekassen

Sedler, norske penger. Illustrasjonsfoto.
GettyImages

Sjølv om universitet og høgskular er gratis, trengst det pengar til andre utgifter medan ein studerer. Det er difor vanleg at studentar lånar pengar frå Lånekassen til husleige, mat og andre ting dei treng. Lånekassen gjev stipend og lån til elevar og studentar i Noreg og til norske studentar som tek utdanning i utlandet. På denne måten har alle som ønskjer å ta høgare utdanning, moglegheita til å gjere det, uavhengig av kjønn, alder, sosial situasjon og familien sin økonomi. Vaksne kan òg søkje stipend og/eller lån til å ta grunnskule og vidaregåande opplæring.

Låna må ein betale attende i form av månadlege nedbetalingar når ein er ferdig med å studere. Stipend skal ikkje betalast attende, men det er ofte eit vilkår at ein har fullført studia og bestått eksamen.

Snakk saman

  • Alle ungdomar har rett til vidaregåande opplæring. Kva fortel dette om samfunnet og om forventningane i arbeidslivet?
  • Fleire og fleire tek høgare utdanning i det norske samfunnet. Kva fortel dette om forventningane til arbeidstakarar og jobbmoglegheitene i Noreg?
  • Lånekassen blei etablert i 1947. Tanken var at det skulle bli mogleg for alle, uansett bakgrunn, å ta høgare utdanning. Lånekassen er både ein bank og ein viktig del av velferdsstaten. Kva tykkjer du om ordninga?
AdobeStock
AdobeStock

Vel rett svar.

Kva er yrkesfagleg studieretning?

Vel rett svar.

Finst det private vidaregåande skular i Noreg?

Vel rett svar.

Kor mange vaksne i Noreg har høgare utdanning?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Ein må betale ein eigendel for å gå på offentlege vidaregåande skular.
Studieførebuande studieretning er ei teoretisk utdanning.
Dei fleste vel å gå på vidaregåande skule.
Døme på praktiske utdanningar er snikkar, frisør, helsefagarbeidar og bilmekanikar.
Yrkesfagleg studieretning er ei teoretisk utdanning.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

I dag er om lag 60 prosent av studentane kvinner.
Samanlikna med resten av innbyggjarane i Noreg, er prosentdelen som tek høgare utdanning, større mellom norskfødde med innvandrarforeldre.
Lån må ein betale attende når ein er ferdig med å studere.
Vaksne kan ikkje søkje om stipend og/eller lån til å ta grunnskule og vidaregåande opplæring.
Lånekassen blei etablert i 1974.

Vel rett bilete.

Kva for eit bilete viser ei teoretisk utdanning?

Klikk i biletet.

I kva for alder har elevar rett til ein plass på vidaregåande skule?

choice-image