Første og andre verdskrigen

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Snakk sammen

Stikkord til spørsmålet om lover for arbeiderne: arbeiderbevegelsen, fagforeninger, fokus på menneskerettigheter og menneskeverd

Det finnes internasjonale avtaler for hva som er lov og ikke lov i krigføring, bl. a. behandling av krigsfanger. Ha gjerne fokus på hvordan et land kan bygges opp etter en krig med vekt på oppbyggingen av Norge etter andre verdenskrig.

I noen kriger kjemper man ikke bare mot en ytre fiende. Det kan være interne konflikter som fører til krigshandlinger (borgerkrig). Læreren kjenner til gruppen sin og må ta kunnskap om deltakernes bakgrunn med når undervisningen planlegges. Det kan sitte deltakere som representerer ulike sider i klasserommet.

Kjenner deltakerne til «Quisling» som begrep i ulike språk? I så tilfelle, snakk om opprinnelsen til begrepet.

Tips til undervisninga

Snakk saman

Stikkord til spørsmålet om lover for arbeidarar: arbeidarrørsla, fagforeiningar, fokus på menneskerettar og menneskeverd

Det finst internasjonale avtalar om kva som er lov og ikkje lov i krig, mellom anna når det gjeld korleis krigsfangar skal handsamast. Ha gjerne meir fokus på korleis eit land kan byggjast opp att etter krig, med vekt på oppbygginga av Noreg etter andre verdskrigen.

I nokre krigar kjempar ein ikkje berre mot ein ytre fiende. Interne konfliktar kan òg føre til krigshandlingar (borgarkrig). Læraren kjenner gruppa si og må ta omsyn til deltakarane sin bakgrunn når undervisninga blir planlagd. Det kan sitje deltakarar som representerer ulike sider i ein konflikt, i klasserommet.

Kjenner deltakarane til Quisling som eit omgrep i ulike språk? Dersom det er kjent, snakk om opphavet til omgrepet.

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på noen av de viktigste historiske hendelsene og prosessene som har dannet grunnlaget for framveksten av demokratiet i Norge  

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Første og andre verdskrigen

Militære fly over en bombet by. Foto.
GettyImages

I 1905 blei Noreg igjen eit sjølvstendig land. Ei ny tid byrja. På byrjinga av 1900-talet gjekk folketalet opp, byane fekk fleire innbyggjarar og industrien vaks.

Kraftverk med åpne sluser. Foto.
GettyImages

Noreg har mange fossar, og på slutten av 1800-talet byrja ein å bruke vasskraft til å lage elektrisitet. Det blei starta opp fleire fabrikkar, og det blei bruk for meir arbeidskraft. Mange flytta til byane. Ein del hus fekk elektrisk straum, byar fekk gatelys, og nokre byar fekk elektrisk trikk. Båtar fekk dieselmotorar og kunne reise lenger og fortare. Dei første bilane kom til landet.

Ei eiga lov sørgde for at vasskrafta blei bygd ut av private, medan sjølve vasskraftressursen framleis var i offentleg eige.

Stortinget hadde mykje å gjere. Fagforeiningane ønskte betre tilhøve for arbeidarane og pressa på for å få i stand endringar. Stortinget vedtok ei rekkje lover. Dei fastsette at ingen skulle jobbe meir enn ti timar om dagen. I 1919 blei dette endra til åtte timar. Alle arbeidarar fekk rett til sjuketrygd. Det tyder at dei fekk pengar frå staten når dei var sjuke.

Menn over 25 år hadde stemmerett ved stortingsval frå 1898, og frå 1913 fekk kvinner over 25 år òg denne retten.

Første verdskrigen

I åra 1914‒1918 raste den første verdskrigen i Europa. Noreg var ikkje aktivt med i krigen, men dei økonomiske konsekvensane var likevel merkbare. Under krigen oppstod det mangel på varer som korn, kaffi og sukker, og det blei innført rasjonering på desse varene.

Mellomkrigstida

Perioden mellom første og andre verdskrigen kallar vi for mellomkrigstida. Det var økonomisk krise i Noreg, til liks med i store delar av resten av verda, i nesten heile denne perioden. Mange var arbeidslause.

Andre verdskrigen

Den andre verdskrigen starta då Tyskland invaderte Polen i september 1939. Noreg blei okkupert av tyske troppar 9. april 1940. Kampane i Noreg varte berre i nokre veker før Noreg gav seg. Kongen og regjeringa flykta til England og held fram kampen for eit fritt Noreg derfrå. Noreg blei styrt av ei tyskvenleg og ikkje demokratisk vald regjering leia av Vidkun Quisling.

Svart-hvitt bilde av Karl Johans gate. To ryttere til hest rir langs gaten, og biler er parkert på siden. På veggen henger et stort flagg med et hakekors.
Rigmor Dahl Delphin, Oslo Museum

Sjølv om det ikkje var mange direkte kampar på norsk jord, var det fleire motstandsgrupper som dreiv med sabotasje, gav ut ulovlege aviser og organiserte sivil ulydnad og passiv motstand mot den tyske okkupasjonsmakta. Mange som var med i motstandsgruppene, måtte flykte frå landet. Rundt femti tusen nordmenn flykta til Sverige i løpet av andre verdskrigen. Mange tok store sjansar for å hjelpe andre.

Svart-hvitt-bilde av et ødelagt hus. Taket er rasert og vi ser røyk i bakgrunnen. Foto
Troms og Finnmark fylkesbibliotek

I Nord-Noreg blei fleire drepne og det meste av Finnmark og Nord-Troms lagt i ruinar etter at tyskarane evakuerte desse områda. På ordre frå Hitler blei det meste av bygningar og infrastruktur brent.
Etter kvart tapte tyskarane på fleire og fleire frontar, og i mai 1945 måtte dei kapitulere. Til saman døydde meir enn ti tusen nordmenn som følgje av krigen.

Før krigen budde det om lag 2100 jødar i Noreg. Av desse blei 773 sende til konsentrasjonsleirar, og berre 38 av dei overlevde og kom attende til Noreg etter krigen.

Snakk saman

  • Kvifor vedtok Stortinget lover som gjorde livet lettare for arbeidarane, trur du?
  • Korleis var den første og andre verdskrigen i landet du kjem frå?
  • Snakk saman om korleis krig påverkar eit samfunn og menneska som bur der. Korleis blir menneskerettane sikra når det er krig?
Soldater andre verdenskrigen med hjelmer og våpen. Foto.
GettyImages

Vel rett svar.

Når fekk kvinner stemmerett i Noreg?

Vel rett svar.

Når var mellomkrigstida?

Vel rett svar.

Når okkuperte tyske troppar Noreg?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

I 1905 blei Noreg eit sjølvstendig land.
I 1919 blei det fastsett at ingen skulle jobbe meir enn ti timar om dagen.
Sjukepengar tyder at arbeidarar får pengar frå staten når dei er sjuke.
Den første verdskrigen varte frå 1905 til 1910.
Noreg var aktivt med i den første verdskrigen.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Noreg klarte seg bra økonomisk i mellomkrigstida.
Andre verdskrigen starta då Tyskland invaderte Polen i 1939.
Under andre verdskrig blei Norge styrt av ei tyskvenleg regjering som ikkje var demokratisk vald.
Meir enn ti tusen nordmenn døydde som følgje av den andre verdskrigen.
773 norske jødar blei sende til konsentrasjonsleirar. Berre 38 av dei overlevde.

Klikk i biletet.

Klikk på rett periode på tidslinja. Når var andre verdskrig?

choice-image