Opplæring for vaksne

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Det er godt mulig at du som lærer her vil få spørsmål om den enkelte deltakers situasjon. Det har du ikke mulighet eller anledning til å bruke tid på i undervisningen. Hvis du vet hvor deltakerne dine kan få råd og veiledning om akkurat sin situasjon, kan du henvise dem videre.

Snakk sammen

Kanskje noen deltakere opplever at det som veldig fremmed og «uverdig» å lære/gå på skole som voksen? I Norge er det vanlig å bygge på kompetansen gjennom hele yrkeslivet. Mange tar hele utdanninger som voksen eller videreutdanning/etterutdanning for å heve kompetansen sin mens man er i jobb. Dette skyldes både at arbeidslivet er i endring og at mennesker endrer seg i løpet av livet.

Tips til undervisninga

Det er godt mogleg at du som lærar her vil få spørsmål om situasjonen til einskilddeltakarar. Du har ikkje tid eller høve til å bruke undervisningstida på dette. Dersom du veit kvar deltakarane dine kan få råd og rettleiing om situasjonen sin, kan du vise dei vidare.

Snakk saman

Kanskje nokre av deltakarane opplever det som veldig framandt og «uverdig» å skulle lære/gå på skule som vaksen? I Noreg er det vanleg å byggje på kompetansen sin gjennom heile yrkeslivet. Mange tek heile utdanningar som vaksne eller tek vidare- og etterutdanning for å heve kompetansen sin medan dei er i jobb. Dette skuldast både at arbeidslivet er i endring og at menneske endrar seg i løpet av livet.

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på barn, unge og voksnes rettigheter, plikter og muligheter i det norske utdanningssystemet, og hvordan utdanning kan finansieres

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Opplæring for vaksne

Hånd som skriver. Skrivebord sett ovenfra med liten plante, laptop og notatblokk. Foto.
AdobeStock

Samfunnet endrar seg heile tida. Ny teknologi har konsekvensar for arbeidslivet. Dette krev at arbeidstakarane må halde seg oppdaterte og lære nye ferdigheiter. Vaksne kan ta ei heilt ny utdanning, byggje vidare på tidlegare utdanning eller ta grunnskulefag for å møte dei nye krava frå arbeidslivet. Mange vaksne tek òg etter- og vidareutdanning medan dei er i arbeid. Dette at vi lærer heile livet blir kalla livslang læring.

Grunnskule og vidaregåande utdanning for vaksne

Vaksne har rett til å få grunnskuleopplæring dersom dei ikkje har fullført grunnskulen tidlegare. Grunnskule for vaksne er gratis. Det er kommunen sitt ansvar å tilby grunnskuleopplæring, òg for vaksne.

Vaksne som er 25 år eller eldre, har rett til vidaregåande opplæring om dei ikkje har det frå før. Det er eit vilkår at ein må ha fullført grunnskulen i Noreg eller i eit anna land før ein kan starte på ei vidaregåande utdanning. Fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa. Vidaregåande utdanning for vaksne er gratis innanfor det offentlege skulesystemet. Det finst òg mange private tilbod. Dei er ikkje gratis.

Sjølv om skulen er gratis, treng vaksne menneske pengar for å leve. Difor kan mange få stipend og/eller lån frå Lånekassen medan dei går på skule.

Godkjenning av utdanning frå utlandet

Dersom du har ei utdanning frå eit anna land, kan du søkje om å få utdanninga di godkjend i Noreg. Dette gjer du gjennom HK-dir. Helsepersonell kan søkje om autorisasjon frå Helsedirektoratet.

Snakk med ein rådgjevar på skulen din eller ein flyktningkonsulent for å få meir informasjon om kva moglegheiter akkurat du har.

Realkompetansevurdering

Vi kan få kompetanse både gjennom utdanning og gjennom anna erfaring. Det kan vere vanskeleg for folk som kjem til Noreg i vaksen alder, å dokumentere kompetansen sin ved å leggje fram papir. I slike tilfelle er det mogleg å få ei realkompetansevurdering. Det tyder at ein person sin kompetanse blir vurdert etter fastsette kriterium. Resultatet av vurderinga kan bli avkorta opplæring, opptak til studium, fritak frå delar av eit studium, ny jobb eller høgare løn. Ein kan bli vurdert på grunnskulenivå, i samband med ei fagutdanning eller på høgare utdanningsnivå.

Snakk saman

  • Kva tenker du om omgrepet livslang læring?
  • Snakk saman om korleis samfunnsutviklinga påverkar kva ny kunnskap og kompetanse einskildmenneske treng.
Hånd som skriver, nærbilde. Foto.
AdobeStock
Ung gutt sitter foran laptop sammen med eldre mann. Foto.
AdobeStock

Vel rett svar.

Når har vaksne rett til gratis grunnskuleopplæring?

Vel rett svar.

Kven sitt ansvar er det å tilby grunnskuleopplæring, òg for vaksne?

Vel rett svar.

Vaksne som er 25 år eller eldre, har rett til vidaregåande opplæring om dei ikkje har det frå før. Kva slags skulegang må ein ha for å få denne retten?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Vaksne som er 22 år eller eldre, har rett til vidaregåande opplæring om dei ikkje har det frå før.
Vidaregåande utdanning for vaksne er gratis innanfor det offentlege skulesystemet.
Det er ikkje vanleg å utdanne seg som vaksen.
Mange får stipend og/eller lån frå Lånekassen medan dei går på skulen.
Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande opplæring.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Det finst private vidaregåande skular. Dei er gratis.
Ein kan ikkje få utdanning frå eit anna land godkjend i Noreg.
Helsepersonell kan søkje om autorisasjon frå Helsedirektoratet.
Realkompetanse er kompetanse som det er vanskeleg å dokumentere.
Dette at vi lærer heile livet blir kalla livslang læring.