Identitet
Sjå filmen
Identitet
Korleis vi oppfattar oss sjølve, blir gjerne kalla identiteten vår. Identiteten blir forma av eigenskapane og personlegdomsdraga våre. Sosiale faktorar som kvar vi bur, kven vi omgåst og kva interessene våre er, har òg noko å seie.
Seksuell identitet
Kven ein blir forelska i og seksuelt tiltrekt av, fortel noko om seksuell identitet. Nokre definerer seg som heteroseksuelle eller homoseksuelle, medan andre ikkje ønskjer å definere den seksuelle legninga si som noko fast.
Kjønnsidentitet
Kjønn er ein del av identiteten vår. Tradisjonelt har kjønnet vårt vore fysiologisk bestemt frå fødselen, gut eller jente. Tydelege kjønnsrollemønster har forsterka dette. I dag er folk meir opne for at denne todelinga ikkje stemmer for alle, og at nokre vil definere seg som noko anna enn det kjønnet dei er fødde med, eller noko midt mellom dei to tradisjonelle kjønna. Korleis ein sjølv kler seg eller på andre måtar understrekar kjønn, kallar vi kjønnsuttrykk.
Snakk saman
- Diskuter sammenhenger mellom identitet og mangfold.
- Hvilke ulemper kan det ha å dele kjønn i to? Har det noen fordeler?
- Hva legger du i begrepet kjønnsuttrykk?
- Hvilke utfordringer ser du for deg at en person som bryter med den tradisjonelle oppfattelsen av kjønn og seksualitet har?
- «LHBTQI+» er ei forkorting som ofte blir brukt om personar som bryt med normene for kjønn og seksualitet. Finn ut kva bokstavane står for.
Fullfør setninga.
Identiteten blir forma av eigenskapane ...
Fullfør setninga.
Kven ein blir forelska i og seksuelt tiltrekt av, fortel noko om ...
Fullfør setninga.
Korleis ein sjølv kler seg eller på andre måtar understrekar kjønn, kallar vi ...
Vel rett svar
Kva kan ha forsterka det fysiologiske kjønnet vårt?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?