Historie

  • Kvifor er det viktig å kjenne til historia til eit land?
  • Kjenner du historia til heimlandet ditt?
  • På kva måte har historia til heimlandet ditt påverka korleis landet er i dag?
  • På kva måte trur du at Noreg si historie har noko å seie for Noreg i dag?

Vi skal sjå på historia til Noreg frå dei første menneska kom til landet for mange tusen år sidan og fram til i dag. Vi skal sjå på nokre viktige historiske hendingar og kva dei har hatt å seie for korleis Noreg er i dag.

Noreg er eit moderne demokrati med høgt velferdsnivå. Dei fleste i Noreg har god økonomi, og folket er relativt høgt utdanna. Både menn og kvinner deltek i arbeidslivet. Samfunnet er styrt av ei rekkje lover og avtalar som sikrar innbyggjarane utdanning, helsehjelp og økonomisk hjelp når det trengst. Dei siste tiåra har det gått føre seg ei rask teknologisk utvikling. Dette har hatt mykje å seie for det norske samfunnet. Det skaper fleire arbeidsplassar, arbeidsoppgåver endrar seg, og privatlivet til folk flest endrar seg òg. Noreg er eit fleirkulturelt og mangfaldig samfunn.

Tips til undervisningen

Utforsk den interaktive tidslinjen sammen med deltakerne.

Snakk sammen

Stikkord til diskusjonen om hvorfor det er viktig å vite noe om historie: Sammenheng mellom tidligere historie og nåtid, identitetsskapende, utvikling over tid, enkelthendelser i historien som markeres i landet i dag (8. mai, 17. mai). Lokale oppsetninger av historiske hendelser, minnemarkeringer (22. juli)

Stikkord for dagens Norge: demokrati, flerpartisystem, monarki, protestantisk kristendom, Stortinget

Snakk om kunstverket

Vikinger i lite vikingskip med dragehode. Maleri.
Nasjonalmuseet/Jacques Lathion «Nordmennene lander på Island år 872» malt av Oscar A. Wergeland (1877).

Tips til undervisninga

Utforsk den interaktive tidslinja saman med deltakarane.

Snakk saman

Stikkord til diskusjonen om kvifor det er viktig å vite noko om historie: Samanheng mellom tidlegare historie og notida, identitetsskapande, utvikling over tid, einskildhendingar i historia som blir markerte i landet i dag (8. mai, 17. mai). Lokale spel som byggjer på historiske hendingar, minnemarkeringar (22. juli).

Stikkord for Noreg i dag: demokrati, fleirpartisystem, monarki, protestantisk kristendom, Stortinget

Snakk om kunstverket

Vikinger i lite vikingskip med dragehode. Maleri.
Nasjonalmuseet/Jacques Lathion «Nordmennene lander på Island år 872» malt av Oscar A. Wergeland (1877).