Noreg frå 1814 til 1905

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Nasjonalromantikken: Spill Grieg i klassen (for eksempel «I Dovregubbens hall» og/eller «Morgenstemning») og vis et av de nasjonalromantiske maleriene på lerretet/skjermen.

Snakk sammen

Her er det viktig å ta i bruk deltakernes egne erfaringer og tanker rundt nasjonalfølelse. Samtidig må læreren kjenne deltakergruppa si godt. Det kan sitte deltakere i gruppen som tilhører minoriteter og majoriteter i hjemlandet og det kan oppstå vanskelige situasjoner i klasserommet.

Nasjonaldagen feires på ulike måter rundt i verden. I Norge er det fokus på barna, barnetog, korpsmusikk, leker og is. Mange steder kan fokuset rundt nasjonaldagen være på militæret og ulike parader.

Forholdet mellom Norge og Sverige (og Danmark) er i dag vennskapelig. Vi har på mange måter felles verdier og kultur, og forstår hverandre språklig.

Stikkord til spørsmålet om utviklingen av Norge: grunnlov, nasjonalfølelse, unionsoppløsning, litteratur og kunst, dannelsen av politiske partier, industri, utvandring, humanistiske verdier inspirert av bl.a. den franske revolusjonen og den amerikanske uavhengighetserklæringen

Tips til undervisninga

Nasjonalromantikken: Spel Grieg i klassen (til dømes I Dovregubbens hall og/eller Morgenstemning) og vis eit av dei nasjonalromantiske måleria på lerretet/skjermen.

Snakk saman

Her er det viktig å bruke deltakarane sine eigne erfaringar og tankar om nasjonalkjensle. Samstundes må læraren kjenne deltakargruppa si godt. Det kan sitje deltakarar i gruppa som høyrer til minoritetar og majoritetar i heimlandet, og det kan oppstå vanskelege situasjonar i klasserommet.

Nasjonaldagar blir feira på ulike måtar rundt om i verda. I Noreg fokuserer vi på barn, barnetog, leikar og is. Mange stader står militæret og ulike paradar i fokus for nasjonaldagsfeiringa.

I dag er forholdet mellom Noreg og Sverige (og Danmark) venskapeleg. Vi har på mange måtar felles verdiar og kultur, og vi forstår kvarandre sine språk.

Stikkord til spørsmålet om utviklinga av Noreg: Grunnlov, nasjonalkjensle, unionsopplysing, litteratur og kunst, danning av politiske parti, industri, utvandring, humanistiske verdiar inspirerte av m.a. den franske revolusjonen og den amerikanske uavhengigheitserklæringa

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på noen av de viktigste historiske hendelsene og prosessene som har dannet grunnlaget for framveksten av demokratiet i Norge  

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Noreg frå 1814 til 1905

Riksforsamlingen på Eidsvoll i 1814. Maleri.
Stortingets kunstsamling

Unionsoppløysing og ny union

Det var fleire krigar i Europa på byrjinga av 1800-talet, mellom anna ein stor krig mellom England på den eine sida og Frankrike på den andre. Denne konflikten blir kalla Napoleonskrigane. Danmark-Noreg stod på Frankrike si side, og då Frankrike tapte krigen, måtte den danske kongen gje frå seg Noreg til Sverige, som hadde stått på England si side i krigen.

På denne måten blei unionen mellom Danmark og Noreg oppløyst i 1814. Mange nordmenn håpa at Noreg ville bli eit sjølvstendig land etter unionsoppløysinga, og 112 mektige menn kom saman på Eidsvoll. Mellom anna ville dei skrive ei grunnlov for det sjølvstendige Noreg. Den 17. mai dette året fekk Noreg si eiga grunnlov, og 1814 er difor eit viktig år i norsk historie.

Noreg vart likevel tvinga inn i ein union med Sverige, og i november 1814 var unionen mellom Sverige og Noreg eit faktum. Unionen med Sverige var lausare enn den tidlegare unionen med Danmark. Noreg fekk behalde grunnlova si, med nokre endringar, og hadde òg indre sjølvstyre. Nasjonalforsamlinga, Stortinget, blei grunnlagd i 1814.

Utanrikspolitikken blei styrt frå Sverige, og kongen over dei to landa var svensk. Han heitte Karl Johan, og hovudgata i Oslo har namn etter denne kongen.

Nasjonalromantikken og norsk identitet

Et maleri av en robåt i en norsk fjord. I båten sitter et brudefølge. Fjellene og vannet ser storslått og vakkert ut.
«Brudeferd i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude (1848)

Rundt midten av 1800-talet vaks det fram ei ny retning innanfor kunst og kultur i Europa. Denne retninga blir kalla nasjonalromantikken. Det blei viktig å peike på nasjonale særdrag og gjerne gjere dei endå betre enn dei faktisk var. I Noreg var det særleg den vakre naturen som blei trekt fram, og bondesamfunnet blei rekna for det «typisk norske». Nasjonalromantikken kom til uttrykk både i litteratur, biletkunst og musikk.
Folk blei stolte over å vere norske, og mange ønskte at Noreg skulle bli eit sjølvstendig land.

Etter fleire hundre år i union med Danmark, var det dansk som var skriftspråket i Noreg. Det skriftspråket vi i dag kjenner som bokmål, er ei fornorsking av dansk. I den nasjonalromantiske perioden var det mange nordmenn som meinte at vi burde ha eit eige skriftspråk som ikkje kom frå det danske språket. Språkforskaren Ivar Aasen (1813–1896) reiste difor rundt i Noreg og samla språkdøme frå dei ulike dialektane. På grunnlag av desse døma laga han eit nytt skriftspråk, nynorsk. Både nynorsk og bokmål har utvikla seg mykje sidan 1800-talet, men begge er offisielle målformer. I tillegg er samisk offisielt språk i Noreg.

Frå jordbruk til industri

Noreg brukte å vere eit bondesamfunn. På midten av 1800-talet budde rundt sytti prosent av innbyggjarane i Norge på landsbygda. Dei jobba stort sett med jordbruk og fiske. Livet var hardt for mange. Folketalet auka, og det var ikkje nok jord og arbeid til alle. Samstundes endra ting seg i byane. Det blei starta opp fleire og fleire fabrikkar, og mange flytte frå landsbygda til byane for å finne arbeid. Livet i byen var vanskeleg for mange arbeidarfamiliar. Arbeidsdagane var lange, og butilhøva var dårlege. Familiane hadde ofte mange barn, og det var ikkje uvanleg at fleire familiar budde saman i ei lita leilegheit. Mange barn var òg nøydde til å jobbe på fabrikkane for at familien skulle overleve.

Før 1850 budde om lag femten prosent av folket i byar. På slutten av 1800-talet budde trettifem prosent i byane. I 1900 jobba tjuetre prosent av alle yrkesaktive i industrien. Meir enn åtte hundre tusen nordmenn utvandra til Amerika i åra mellom 1850 og 1920.

Svart-hvitt-bilde av et veveri. Et stort rom med mange vever på rad. Foto
Wilse, Anders Beer / Oslo Museum

Eit fritt og sjølvstendig land

Kong Haakon 7. i uniform. Foto
Wilse, Anders Beer/Folkemuseet Kong Haakon 7.

Etter at det hadde oppstått politisk usemje med kongen i Sverige, erklærte Stortinget 7. juni 1905 at den svenske kongen ikkje lenger var konge av Noreg, og at unionen med Sverige var oppløyst. Dette skapte svært sterke reaksjonar i Sverige, og det braut nesten ut krig mellom Noreg og Sverige. Gjennom to folkeavstemmingar same året blei det avgjort at unionen med Sverige var oppløyst, og at den nye staten Noreg skulle vere eit monarki.
Den svenske kongen godtok resultatet av folkeavstemmingane. Den danske prinsen Carl blei vald til ny konge av Noreg. Han tok det norske kongenamnet Haakon. Kong Haakon 7. var konge i Noreg frå 1905 til han døydde i 1957.

Snakk saman

  • Kvifor feirar vi 17. mai i Noreg?
  • Nasjonaldagen blir feira på ulike måtar i ulike land. Korleis feirar ein nasjonaldagen i land du kjenner til? Kva er likt eller ulikt den norske måten å feire nasjonaldagen på?
  • På 1800-talet blei nasjonalkjensla sterkare mellom mange nordmenn. Kva er nasjonalkjensle, og korleis blir denne kjensla skapt?
  • Kva kan vere negativt med sterk nasjonalkjensle, og kva kan vere positivt?
  • Trur du at tida med union mellom Noreg og Sverige har noko å seie for forholdet mellom dei to landa i dag?
  • No har du lært ein del om norsk historie frå perioden mellom 1814 og 1905. Trur du at noko av det du har lært, har vore spesielt viktig for utviklinga av det moderne Noreg?
Norsk flagg og svensk flagg. Foto.
GettyImages

Vel rett svar.

Når fekk Noreg si eiga grunnlov?

Vel rett svar.

Når var Noreg i union med Sverige?

Vel rett svar.

Korleis skapte Ivar Aasen nynorsken?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Den danske kongen ga Noreg til Sverige då Frankrike tapte Napoleonskrigane.
Mange nordmenn blei glade då dei kom i union med Sverige, for dei kjende seg ikkje klare til å bli ein sjølvstendig nasjon.
Den norske grunnlova blei skriven av 112 menn på Eidsvoll i 1814.
Stortinget blei grunnlagt fem år etter at grunnlova blei skriven.
Kongen av Sverige og Noreg i union heitte Karl Johan.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Hovudgata i Oslo har fått namn etter kongen av unionen mellom Sverige og Noreg.
I nasjonalromantikken peikte kunsten på nasjonale særdrag.
Arbeidarfamiliar på 1800-talet hadde gode arbeidsvilkår og butilhøve.
Den første norske kongen etter unionsoppløysinga var dansk og heitte Carl.
Den danske prinsen Carl tok namnet Harald 7. då han blei konge av Noreg.

Klikk i biletet.

Klikk på rett periode på tidslinja. Når var Haakon 7. konge i Norge?

choice-image