Helse og livsstil
Sjå filmen
Helse og livsstil
Historisk utvikling
I dag er Noreg eit land med høg levestandard. Det finst medisinar mot mange alvorlege sjukdomar, og velferdssamfunnet har ordningar slik at alle har tilgang til legehjelp og medisinar. Barn får tilbod om gratis vaksinar mot fleire sjukdomar. Tidlegare døydde mange i Noreg av sjukdomar som følgjer med fattigdom, til dømes underernæring eller tuberkulose. Det var òg mange som døydde fordi det ikkje fanst behandling.
Folkehelsa i Noreg har blitt mykje betre i løpet av dei siste hundre åra. Dette skuldast i stor grad at velferdssamfunnet har utvikla seg og gjer det mogleg for fleire og fleire å leve gode og trygge liv. Folk i Noreg lever lenger i dag enn tidlegare. Mange eldre er òg friskare enn før. Dette gjer det mogleg å leve eit langt, godt og aktivt liv.
Dette tyder ikkje at Noreg er eit samfunn utan sjukdom. Til dømes er mange plaga med muskel- og skjelettlidingar. Diabetes og fedme er eit veksande problem. Dei vanlegaste dødsårsakene i Noreg er hjarte- og karsjukdomar og kreft.
Førebygging av helseproblem
Kor god helse vi har heng saman med korleis vi lever. Dette gjeld både for den fysiske og psykiske helsa vår. Sjansen er større for at vi held oss friske lenger dersom vi et sunt og er fysisk aktive. Dei som røykjer, har høgare risiko for å få kreft og hjarte- og karsjukdomar.
Sjølv om velferdssamfunnet tek på seg eit stort ansvar for å sikre at innbyggjarane har god helse, er det òg i mange tilfelle opp til kvar einskild korleis han eller ho lever livet sitt og passar på helsa.
Psykisk helse er like viktig som fysisk helse. Dei fleste menneske trivst godt om dei har sosial omgang med andre menneske. Det kan vere å leve saman i ein familie, ha gode vener eller ha gode arbeidskollegaer. Det er òg viktig for helsa å ha det godt med tankane sine, vere roleg innvendig, sove godt og elles ha det bra. I Noreg seier vi at ein god latter forlengjer livet.
Kosthald
- Diskuter samanhengen mellom kosthald og helse.
- Et du det same no som du gjorde før du kom til Noreg?
- Heng klima og kosthald saman?
- Kva meiner du er usunne matvarer?
- Kva meiner du er sunne matvarer?
Mange helsearbeidarar som har kontakt med innvandrarar, er urolege for helsa til innvandrarane. Dei uroar seg fordi dei ser at fleire innvandrarar enn nordmenn mellom anna har desse helseproblema:
- diabetes
- fedme
- dårleg tannhelse
- feilernæring, spesielt mangel på jern og vitamin D
- depresjonar
Snakk saman
diabetes – kreft – astma – fedme
allergi – hjarte- og karsjukdomar
- Diskuter samanhengen mellom livsstil og desse sjukdomane.
- Er desse sjukdomane vanlege i land du kjenner frå før?
- Diskuter grunnar til at innvandrarar kan få andre helseproblem enn dei hadde før dei kom til Noreg.
- Kva kan vi gjere for å ta vare på helsa vår?
Det er sommar. Heime hos familien Hansen har dei tre barna på sju, ni og elleve år skuleferie. Dei kjedar seg og tykkjer at dagane er lange. Dei fleste av venene deira har reist bort eller er opptekne med andre ting. Mamma og pappa er slitne etter jobb og vil helst slappe av når dei har fri. Familien er mykje inne i leilegheita.
- Kva tenkjer du om situasjonen til familien?
- Kva synest du foreldra bør tenkje på?
- Kan situasjonen ha noko å seie for helsa til barna og foreldra?
- Kan situasjonen påverke andre ting for barna?
Mehmet går i sjette klasse. Han har mange gode vener i klassen. Dei speler mykje fotball i friminutta. Dei fleste av venene hans speler òg på det lokale fotballaget, som trenar to ettermiddagar i veka. Mehmet vil gjerne bli med på laget, men foreldra hans er negative til det. Det kostar pengar, og familien har ikkje så god råd.
- Korleis kan denne situasjonen påverke helsa til Mehmet?
- Kva tenkjer du om situasjonen til foreldra?
Vel rett svar.
Korleis er levestandarden i Noreg i dag?
Fullfør setninga.
Sjansen er større for at vi held oss friske lenger dersom vi ...
Vel rett svar.
Kva er rett?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett bilete.
Kva for bilete viser ein sunn livsstil? Det kan vere fleire rette svar.