Sosiale medium og digital dømekraft
Sjå filmen
Sosiale medium og digital dømekraft
I våre dagar er dei fleste aktive brukarar av internett og sosiale medium. På internett loggar vi oss inn i nettbanken og hos offentlege etatar, og vi handlar på nett. Vi identifiserer oss med BankID, passord, fingeravtrykk eller ansiktsattkjenning.
Sosiale medium er til dømes Facebook, Twitter og Instagram. Der deler vi meiningane våre, bilete og filmar. Slik held vi kontakt med familie, vener og kjende. Som regel legg vi att mange digitale spor i løpet av ein dag, og alle desse spora blir lagra. Har du tenkt over kva som kan hende dersom desse spora blir fanga opp av nokon som har vondt i sinne? Kva om nokon får tak i passordet ditt? Kva om nokon deler private bilete av deg?
Det er viktig å vere medviten om kva du deler, kven som får opplysningar om deg, og kva desse opplysningane kan brukast til. Til dømes kan private bilete, så som bilete av barn, fort bli «stolne» av folk som vil misbruke dei. Vi må vere forsiktige med kva vi deler om andre. Spør alltid om lov først.
- Personvern handler om retten til et privatliv og til å bestemme over egne personopplysninger. Personopplysningar er til dømes namn, adresse, telefonnummer, personnummer og etnisk opphav.
- Alle mennesker har en ukrenkelig egenverdi. Som enkeltmenneske har du derfor rett på en privat sfære som du selv kontrollerer, og hvor du kan handle fritt uten tvang eller innblanding fra staten eller andre mennesker. Dette prinsippet er blant annet forankret i den europeiske menneskerettighetskonvensjonen (EMK).
Kjelde: Datatilsynet
Mange deler meiningane sine på sosiale medium og elles på internett. Det blir skrive, diskutert og argumentert. Ytringsfridomen har stort spelerom på sosiale medium. Personvernet og nokre lovparagrafar set grenser for ytringsfridomen. Det er ikkje tillate å skrive rasistiske eller diskriminerande utsegner. Likevel ser vi at folk trakkar over desse grensene. Det ser ut til å vere lettare å gå over streken når ein skriv på internett i staden for å snakke direkte til andre. Særleg når ein har moglegheita til å vere anonym, skriv folk mykje som er både støytande og ulovleg. Det er eit kjenneteikn på god digital dømekraft om ein berre skriv kommentarar på internett som ein like gjerne kunne ha sagt til nokon ansikt til ansikt.
Snakk saman
- Kva får du opp når du søkjer på deg sjølv på internett?
- Diskuter kva digital dømekraft tyder.
- Snakk saman om samanhengen mellom personvern og digital dømekraft.
- Snakk saman om kva det vil seie å vere medviten om kva ein legg ut på sosiale medium.
- Kva følgjer trur du at det har at ein kan vere anonym i kommentarfeltet?
Vel rett svar.
Må ein spørje om lov til å dele bilete av andre på sosiale medium?
Vel rett svar.
Kva kan ein ikkje skrive på internett?
Vel rett svar.
Kva kjenneteiknar god digital dømekraft?
Vel rett svar.
Kva handlar personvern om?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?