Å flytte til eit nytt land

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Snakk sammen

Det er viktig å snakke om at alle som flytter fra et sted/land til et annet i større eller mindre grad vil gå gjennom en mental migrasjonsprosess. Det bør være et mål å skape forståelse for at en ikke er alene om reaksjonene. Man trenger ikke være “syk” selv om en sliter.

Det er viktig å få fram at ulike familiemedlemmer kan ha ulike reaksjoner og være i ulike faser, og at dette kan skape utfordringer i familien. Barn vil ofte gå ut og inn av slike faser. De kan tilsynelatende tilpasse seg det nye livet veldig lett. De kan også få dårlig samvittighet for å ha det bra mens foreldrene sliter.

Rahman og kona

Rahman og kona hans kom til Norge for fire måneder siden. Han kom fra et land i krig og syntes livet var vanskelig. Den første tida i Norge var han veldig glad og fornøyd. Han gledet seg til å lære norsk og finne en jobb.
Nå er han ikke så glad lenger. Han synes Norge er et vanskelig land å bo i. Han strever med å lære norsk og synes det går veldig sakte. Han føler seg fremmed.

  • Snakk sammen om Rahmans situasjon. Hvor er han i migrasjonsprosessen? Hva tror du vil skje videre?

Tips til undervisninga

Snakk saman

Det er viktig å snakke om at alle som flyttar frå eitt land til eit anna, eller frå ein stad til ein annan, i større eller mindre grad vil gå gjennom ein mental migrasjonsprosess. Det bør vere eit mål å skape forståing for at ein ikkje er åleine om desse reaksjonane. Ein er ikkje «sjuk» sjølv om ein slit.

Det er viktig å få fram at ulike familiemedlemar kan ha ulike reaksjonar og gå gjennom dei ulike fasane til ulike tider, og at dette kan skape utfordringar i familien. Barn vil ofte gå ut og inn av slike fasar. Dei kan sjå ut til å ha svært lett for å tilpasse seg det nye livet. Dei kan òg få dårleg samvit for å ha det bra medan foreldra slit.

Rahman og kona

Rahman og kona hans kom til Noreg for fire månader sidan. Han kom frå eit land i krig og tykte at livet var vanskeleg. Den første tida i Noreg var han veldig glad og nøgd. Han gledde seg til å lære norsk og finne seg ein jobb.
No er han ikkje så glad lenger. Han synest at Noreg er eit vanskeleg land å bu i. Han strevar med å lære seg norsk og synest at det går veldig sakte. Han kjenner seg framand.

  • Snakk saman om situasjonen til Rahman. Kvar er han i migrasjonsprosessen? Kva trur du vil skje vidare?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

gi eksempler på hvordan fysisk og psykisk helse kan bli påvirket av livsstil og ulike hendelser, som for eksempel migrasjon

Kjerneelement

Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Å flytte til eit nytt land

En koffert og en sekk står foran et vindu på en flyplass. Utenfor vinduet står et fly. Bildet illustrerer en flytteprosess til et annet land.
GettyImages

Sebene: Eg er så glad for at vi endeleg er komne til Noreg. Det er så fint her, og framtida kjennest trygg no, både for oss og for barna.
Amaniel: Fint her? Eg er så sliten av å vere i eit framandt land. Alt er så vanskeleg. Ingenting fungerer. Eg har ikkje jobb, eg forstår ikkje språket, og eg må ha hjelp til alt. Folk her oppfører seg så rart. Dei tenkjer heilt annleis enn meg.
Sebene: Eg trudde at du hadde det bra, eg.
Amaniel: Eg hadde det mykje betre for nokre veker sidan. Då forstod eg ikkje kor mykje livet eigentleg har endra seg. Vi har mista så mykje: familie, vener, tradisjonar og språk.

Det skjer noko med menneske som flyttar til eit nytt land. Dei går gjennom noko vi kallar ein psykisk migrasjonsprosess i tre fasar. Det varierer frå person til person kor lenge dei ulike fasane varer.

Fase 1

Et par flytter på en stor stol i stua si. De skaper et hjem. De smiler og er glade. Foto
GettyImages

Den første tida er det vanleg å kjenne seg glad og optimistisk. Ein har det travelt. Det er mykje som skal ordnast, og det kan vere spennande med alt det nye. Ein tenkjer kanskje mest på dei nye moglegheitene ein har fått, og ikkje så mykje på det ein har reist frå og det ein har mista.

Fase 2

En kvinne sitter i sofaen med hodet i hånden. Hun ser betenkt og nedstemt ut. Foto
GettyImages

Etter nokre dagar, veker eller månader vil dei fleste oppleve at livet i det nye landet kjennest vanskeleg. Plutseleg forstår ein konsekvensane av flyttinga. Ein kan kjenne seg usikker av alt som er framandt i det nye landet. Ein blir sliten og lei av at ingenting er slik som ein er van med, og saknet etter det livet ein kjende før, blir stort.

Fase 3

En kvinne med hijab og en kvinne uten hijab sitter i en sofa. De er venninner og ler av noe de ser på mobilen. Foto
GettyImages

Etter ei stund vil livet kjennast lettare for dei fleste. Ein forstår meir, både av språket og systemet i det nye landet. Framtida ser lysare ut. Ein har akseptert flyttinga. Litt etter litt greier ein å ta til seg det som er positivt med livet og verdiane i det nye landet. Når dette blir kombinert med verdiar og tankar ein hadde med seg frå heimlandet sitt, finn ein plassen sin i det nye samfunnet.

Snakk saman

  • Korleis har Amaniel og Sebene det? Kjenner du deg att i noko av det dei seier?
  • Amaniel seier at han har mista mykje. Kva kan det ha å seie for helsa hans?
  • Vil ein person som har flytta ufrivillig til eit nytt land, oppleve desse fasane annleis enn ein som har flytta frivillig?
  • Korleis vil livet i ein familie vere dersom familiemedlemane går gjennom dei ulike fasane til ulike tider?

Vel rett svar.

Kor mange fasar har ein psykisk migrasjonsprosess?

Vel rett svar.

Kva for ein fase er kjenneteikna ved

  • at livet i det nye landet kjennest vanskeleg
  • at ein forstår konsekvensane av flyttinga
  • at ein saknar livet sitt slik det var før

Vel rett svar.

Kor lenge varer dei ulike fasane?

Fullfør setninga.

Når ein greier å ta til seg det som er positivt med livet og verdiane i det nye landet, og kombinerer det med verdiar og tankar ein hadde med seg frå det gamle landet ...

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Alle som flyttar til eit nytt land, går gjennom den psykiske migrasjonsprosessen i tre fasar.
Det er vanleg å kjenne at det er vanskeleg å flytte til eit nytt land.
Det varierer frå person til person kor lenge fasane varer.
Dei fleste tykkjer at det er heilt uproblematisk å flytte til eit nytt land.
Mange er optimistiske den første tida i eit nytt land.