Psykisk helse
Psykisk helse
John: Eg har framleis like vondt i magen. Eg søv dårleg òg.
Legen: Vi har teke alle moglege prøver, og vi finn ikkje noko gale med magen din.
John: Det forstår eg ikkje.
Legen: Nei, men korleis har du det elles? Kjenner du deg framleis trist og einsam?
John: Kvifor spør du om det? Det er magen som er problemet.
- Kvifor spør legen om John er trist og einsam?
- Kvifor blir John litt irritert?
- Diskuter forholdet mellom psykisk og fysisk helse.
- Korleis ser ein på psykiske helseproblem i heimlandet ditt og i Noreg?
- Kven kan hjelpe John?
Nokre veker seinare:
Legen: Hei, John! Kjekt å sjå deg. Kva kan eg hjelpe deg med?
John: Eg har tenkt på det vi snakka om sist. Eg trur nok at eg treng litt hjelp. Livet kjennest tungt og vanskeleg. Eg kjenner meg aldri glad, og eg er alltid sliten. Av og til blir eg sint utan grunn. Dessutan søv eg dårleg om nettene og har mareritt om ting eg opplevde i heimlandet mitt.
Legen: Eg trur at eg vil vise deg til ein psykolog.
John: Psykolog? Det er ikkje noko gale med hovudet mitt.
Legen: Nei, men nokre gonger hjelper det å snakke med fagfolk om problema sine. Hugs at psykologen òg har teieplikt og ikkje kan fortelje noko av det du seier, vidare til andre. Du kan jo gå til han ein gong og sjå om du trur at det vil hjelpe.
John: Jaja, det blir vel ikkje verre enn det er no. Eg kan jo prøve.
- Kva tykkjer du om framlegget til legen?
- Kva tykkjer du om reaksjonen til John?
Mange menneske opplever ulike psykiske problem i løpet av livet. Det kan vere mange årsaker til at ein utviklar psykiske lidingar. Det kan vere vanskelege situasjonar i livet, så som familieproblem eller ein problematisk arbeidssituasjon. Nokre gonger kan psykiske lidingar kome etter kriser, dødsfall, ulukker eller opplevingar i krigssituasjonar. Nokre personar kan vere arveleg disponerte for å utvikle psykiske lidingar, og stress kan vere ein utløysande faktor.
Når vi har det vanskeleg, kan vi ha bruk for å snakke med nokon om det. Nokre gonger er det nok å snakke med familie eller vener. Andre gonger treng vi profesjonell hjelp. Ein psykolog eller andre fagfolk kan ofte hjelpe oss med å finne løysingar på problema våre. Fastlegen vår kan skrive ei tilvising til ein psykolog dersom vi treng det.
Synet på psykisk helse har endra seg. I dag vil eit fleirtal av innbyggjarane i Noreg ha ei open og forståingsfull haldning til psykisk sjukdom. Folk flest meiner at psykisk sjuke må få behandling og hjelp frå helsevesenet på lik linje med dei som har fysiske lidingar. Ein har òg tru på at det er mogleg å bli frisk av psykiske lidingar.
Snakk saman
- Snakk saman om synet på psykisk helse til ulike tider og i ulike samfunn.
- Kva kan vi sjølve gjere for å ha ei god psykisk helse?
Vel rett svar.
Kva synest folk flest i Noreg om psykisk sjukdom?
Vel rett svar.
Kven får psykiske problem?
Vel rett svar.
Kva kan fastlegen gjere dersom du treng nokon å snakke med?
Fullfør setninga.
Korleis kan dårleg psykisk helse påverke oss?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?