Skule og utdanning

  • Kva hugsar du frå skulegangen din?
  • Korleis var forholdet mellom læraren og elevane?
  • Samarbeidde skulen med foreldra? Korleis gjekk dette samarbeidet føre seg?
  • Kva veit du om den norske skulen?

Diskuter desse påstandane:

  • Demokratiet er avhengig av eit opplyst folk.
  • Kunnskap er makt.
  • Eit utdanna folk er diktaturet sin verste fiende.

Noreg har lange tradisjonar innan skule og utdanning. På 1700-talet var den økonomiske situasjonen i landet svært dårleg. Likevel blei utdanning rekna for så viktig at det blei bestemt at alle barn skulle gå på skulen, og at staten skulle betale for det.

Innhaldet i skulen har endra seg mykje i løpet av dei tre hundre åra vi har hatt obligatorisk skulegang her i landet. På 1700-talet var føremålet med undervisninga å gje elevane kunnskap om kristendomen. Seinare blei opplæring i ulike typar praktiske ferdigheiter, så som skriving, rekning, matlaging, saum og snikring, òg tekne inn i skulen.

I våre dagar blir det undervist i mange fag som skal gje barn og unge ei god allmennutdanning. Dei lærer faktakunnskap og grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving og rekning.

Barn brukar digitale verktøy frå dei er små. Barna lærer seg å finne god informasjon og bruke informasjonen til å løyse ulike problem. Dei lærer òg å tenkje sjølvstendig og samarbeide med andre.

Tips til undervisningen

Det er et godt og velkjent pedagogisk prinsipp å starte med stoff som deltakerne kjenner fra tidligere, før man går over til nytt stoff. Gjennom å snakke om deltakernes egen skolegang og deres forhold til skolevesen og utdanning kan man finne likheter og ulikheter i arbeidet med det norske systemet.

Snakk sammen

Det norske samfunnet legger stor vekt på formell utdanning. Noen deltakere må starte eller fullføre egen utdanning i Norge. Noen har barn som skal ta utdanning i Norge. For noen av deltakerne kan det å snakke om betydningen av utdanning i det norske samfunnet være en inngang til å legge planer for veien videre.

I noen deltakergrupper kan det være interessant å diskutere forholdet mellom utdanningsnivå i befolkningen og styresett. Kan man for eksempel tenke seg at et land med et høyt utdanningsnivå i befolkningen også er et diktatur? Er et sosialdemokrati, som for eksempel det norske, avhengig av en utdannet befolkning?

Snakk om kunstverket

En liten gutt sitter bøyd over en bok. Han leser. Maleri.
©O. Væring Eftf. AS «Lille Ebbe leser» malt av Christian Krogh (1920).

Tips til undervisninga

Det er eit godt og velkjent pedagogisk prinsipp å byrje med stoff som deltakarane kjenner frå før, og deretter gå over til nytt stoff. Ved å snakke om deltakarane sin eigen skulegang og deira forhold til skulevesen og utdanning kan ein finne likskapar og ulikskapar medan vi arbeider med det norske systemet.

Snakk saman

Det norske samfunnet legg stor vekt på formell utdanning. Nokre deltakarar må starte eller fullføre si eiga utdanning i Noreg, og nokre har barn som skal ta utdanning i Noreg. For nokre av deltakarane kan det å snakke om kva utdanning tyder i det norske samfunnet fungere som ei innleiing til å leggje planar for vegen vidare.

I nokre deltakargrupper kan det vere interessant å diskutere korleis utdanningsnivået i folket og styresettet i eit land heng saman. Kan ein til dømes tenkje seg at eit land som har eit høgt utdanna folk, òg er eit diktatur? Er eit sosialdemokrati, til dømes det norske, avhengig av eit utdanna folk?

Snakk om kunstverket

En liten gutt sitter bøyd over en bok. Han leser. Maleri.
©O. Væring Eftf. AS «Lille Ebbe leser» malt av Christian Krogh (1920).