Grunnskule

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Sammenlikn gjerne de ulike punktene med forholdene i deltakernes hjemland.

Snakk sammen

En ulikhet mellom norsk skole og den skolen mange deltakere kjenner til fra hjemlandet sitt, kan være det at elevene er forventet å argumentere for egne synspunkter i norsk skole. Læreren sitter ikke alltis på fasiten. En annen ting kan være at elevene flyttes opp til neste klassetrinn etter et skoleår uavhengig av innsats. Elevene får heller ikke karakterer i barneskolen.

Bruk gjerne tid på formålsparagrafen. Hva innebærer det at undervisningen bygger på kristne og humanistiske prinsipper? Hvilke prinsipper er dette? Er disse prinsippene problematiske for elever og foreldre med andre religioner og/eller kulturer? Snakk også gjerne sammen om betydningen av begrepene åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet. Er dette universelle verdier?

Tips til undervisninga

Samanlikn gjerne dei ulike punkta med tilhøva i deltakarane sine heimland.

Snakk saman

Ein ting ved den norske skulen som gjerne er ulikt den skulen mange deltakarar kjenner frå heimlandet sitt, er at det er venta at elevane i den norske skulen skal argumentere for sine eigne synspunkt. Læraren sit ikkje alltid på fasiten. Ein annan ting kan vere at elevane blir flytte opp til neste klassetrinn etter eit skuleår uansett korleis dei har gjort det. Elevane får heller ikkje karakterar i barneskulen.

Bruk gjerne tid på føremålsparagrafen. Kva inneber det at undervisninga byggjer på kristne og humanistiske prinsipp? Kva er desse prinsippa? Er desse prinsippa problematiske for elevar og foreldre med tilknyting til andre religionar og/eller kulturar? Snakk òg gjerne saman om kva omgrepa åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet tyder. Er dette universelle verdiar?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

samtale om sentrale verdier som det norske skole- og utdanningssystemet bygger på, og hva som forventes av foreldre i samarbeidet mellom skole og hjem
gi eksempler på barn, unge og voksnes rettigheter, plikter og muligheter i det norske utdanningssystemet, og hvordan utdanning kan finansieres

Kjerneelement

Demokratiforståelse og deltakelse
Individ og fellesskap

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Grunnskule

Klasserom sett ovenfra med elever ved hver sin pult. Foto.
AdobeStock

Fakta om grunnskulen i Noreg:

  • Alle barn i Noreg har rett til opplæring i 13 år. Grunnskulen er tiårig.
  • Grunnskulen er obligatorisk og gratis.
  • Barna byrjar på skulen i august det året dei fyller seks år.
  • Grunnskulen er delt inn i barnesteget (1. til 7. klasse) og ungdomssteget (8. til 10. klasse).
  • Elevane på barnesteget får ei munnleg eller skriftleg vurdering, men dei får ikkje karakterar.
  • Elevane på ungdomssteget får karakterar. Karakterskalaen er 1–6, der 6 er den beste karakteren.
  • På ungdomsskulen får elevane òg karakterar i orden og åtferd. Dei tre karakterane er: god, nokså god og lite god.
  • Alle barn i grunnskulen blir automatisk flytte opp til neste klassesteg etter sommarferien. Ingen barn går to år på same klassesteget.
  • Elevane går ikkje i uniform.
  • Fysisk straff er forbode i Noreg, både på skulen og heime.
  • Delar av undervisninga går føre seg utanfor skulebygget. Turar, leirskuleopphald, symjeundervisning og museumsbesøk er døme på slik undervisning.
  • Dei fleste barna i Noreg går på offentlege skular. Under fem prosent går på private grunnskular. Då betaler foreldra ein eigendel.
  • Faga i grunnskulen er matematikk, norsk, engelsk, framandspråk, naturfag, samfunnsfag, kroppsøving, KRLE, kunst og handverk, mat og helse, musikk og valfag.
AdobeStock

Grunnskulen er organisert på same måten over heile landet, og alle elevane blir underviste etter same læreplanen. Det er politikarane på Stortinget som vedtek desse læreplanane. På denne måten får elevane ganske lik utdanning uansett kva for ein kommune dei bur i.

På same måten som for barnehagen seier føremålsparagrafen at den norske skulen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, så som respekt for menneskeverdet og naturen. Skulen skal òg byggje på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet.

I Noreg jobbar elevane mykje saman i grupper på skulen, og dei har ofte prosjektarbeid. Slik lærer barna å arbeide saman med andre og å ta omsyn til kvarandre.

Alle barn i den norske grunnskulen har lik rett til opplæring. Elevar som treng ekstra hjelp, skal få det. Det skal ikkje gjerast forskjell på elevar ut frå bustad, familiebakgrunn eller kjønn. Det finst veldig få spesialskular i Noreg. Dei fleste barn får den hjelpa dei treng, på skulen i nærmiljøet sitt.

Snakk saman

  • Korleis er skulesystemet i Noreg likt/ulikt det skulesystemet du kjenner frå før?
  • Kva tenkjer du om verdiane i skulen sin føremålsparagraf?
  • Diskuter karakterar i skulen.
  • Diskuter bruk av uniform i skulen.
Seks barn sitter i klasserom bak skrivebord. Alle rekker ei hånd opp i lufta. Foto.
Tre gutter sitter bak hvert sitt skrivebord i et klasserom. De har på seg skoleuniform. En av dem smiler mot kamera. Foto.
AdobeStock

Vel rett svar.

Når byrjar barna på skulen?

Vel rett svar.

Kor mange prosent av barna går på privatskule i Noreg?

Vel rett svar.

På ungdomsskulen får elevane karakterar i orden og åtferd. Kva karakterar kan dei få?

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Grunnskulen er obligatorisk og gratis.
Grunnskulen varer i 13 år.
Barnesteget er frå 1. til 6. klasse.
Elevane på ungdomssteget får karakterar. Karakterskalaen er 1–6, der 6 er den beste karakteren.
Fysisk straff er forbode i Noreg, både på skulen og heime.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Barn får ganske lik utdanning uansett kva for ein kommune i landet dei bur i.
I Noreg jobbar elevane sjeldan saman i grupper på skulen, og dei har ikkje prosjektarbeid.
Alle barn i den norske grunnskulen har lik rett til opplæring.
Det er politikarane på Stortinget som vedtek læreplanane.
I grunnskulen skal det ikkje gjerast forskjell på elevar ut frå bustad, familiebakgrunn eller kjønn.