Samarbeid heim–skule

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Brev fra læreren

Kanskje noen deltakere kjenner seg igjen i bestemorens bekymringer? Det er nok flere som har den erfaringen at skolen kun tar kontakt med hjemmet dersom noe er galt. Vi ser i samtalen at både moren og datteren har en annen oppfatning og er vant til at det er samarbeid mellom skole og hjem gjennom hele skolegangen.

Snakk sammen

Det kan være viktig å bruke tid på å snakke om at skolen skal være et godt sted å være for alle. Hvem er alle? Vi tenker at dette innbefatter både små og store, elever med ulike forutsetninger, familieforhold, osv. Det sier noe om undervisningssituasjonen, men også om friminuttene og om skoleveien. Elevene skal læres opp til å bli empatiske mennesker som viser respekt og empati for andre, både medelever og lærere. Lærerne skal omgås elevene med samme respekt og empati.

Last ned dokumentet med rettigheter og plikter i skolen. Diskuter foreldrenes, elevenes og skolens rettigheter og plikter. Oversett gjerne teksten til deltakernes språk.

Elevene skal læres opp til å bli ansvarlige medborgere i et demokrati. Helt fra de er små får de være med på å ta beslutnnger som omfatter skolehverdagen sin, for eksempel gjennom elevrådsarbeid, å være med i ulike grupper som gjennomfører ulike arrangementer, osv.

Elevene jobber mye i grupper helt fra de tidlige klassetrinnene. På denne måten lærer de at alle må bidra i gruppen og at gruppen har et felles ansvar for resultatet. Det er ikke veldig populært å være en som lener seg tilbake og lar de andre i gruppen gjøre hele jobben. Dette kan også ses på som et ledd i opplæringen til å være medborger i et demokrati, en beboer eller forelder som tar del i dugnader,osv.

Utfordringer i hjem–skolesamarbeidet:

Kan dette gjelde noen i deltakergruppen din? Hvis det er tilfelle, bør det brukes tid på dette. Snakk om hvorfor det kan bli utfordringer og problemer. Er deltakerne bekymret for noe? Er det noe de misforstår?

Tips til undervisninga

Brev frå læraren

Kanskje nokre av kursdeltakarane kjenner seg att i uroa til bestemora? Det er nok fleire som har den erfaringa at skulen berre tek kontakt med heimen dersom det er noko gale. Vi ser i samtalen at både mora og dottera har ei anna oppfatning og er vane med at skulen og heimen samarbeider gjennom heile skulegangen.

Snakk saman

Det kan vere viktig å bruke tid på å snakke om at skulen skal vere ein god stad å vere for alle. Kven er alle? Vi tenkjer at dette dekkjer både store og små, elevar med ulike føresetnader og familiesituasjonar, osv. Det seier noko om undervisningssituasjonen, men òg om friminutta og skulevegen. Elevane skal lærast opp til å bli empatiske menneske som syner respekt for og empati med andre, både medelevar og lærarar. Lærarane skal omgåast elevane med same respekt og empati.

Last ned dokumentet med rettar og plikter i skulen. Diskuter rettane og pliktene til foreldra, elevane og skulen. Omset gjerne teksten til språka/språket til deltakarane.

Elevane skal lærast opp til å bli ansvarlege medborgarar i eit demokrati. Heilt frå dei er små får dei vere med på å ta avgjerder om skulekvardagen sin, til dømes gjennom elevrådsarbeid, ved å vere med i grupper som organiserer ulike arrangement, osv.

Elevane jobbar mykje i grupper heilt frå dei tidlege klassetrinna. På denne måten lærer dei at alle må bidra i gruppa, og at gruppa har eit felles ansvar for resultatet. Det er ikkje spesielt populært å vere ein som lenar seg tilbake og let dei andre i gruppa gjere heile jobben. Dette kan ein òg sjå som eit ledd i opplæringa av barna til å bli medborgarar i eit demokrati, ein bebuar eller forelder som er med på dugnadar, osv.

Utfordringar i samarbeidet mellom heimen og skulen:

Kan dette gjelde medlemar av deltakargruppa di? Dersom det er tilfelle, bør de bruke tid på dette. Snakk om kvifor utfordringar og problem kan oppstå. Uroar deltakarane seg for noko? Er det noko dei misforstår?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Muntlige ferdigheter
Digitale ferdigheter

Tverrfaglige tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

samtale om sentrale verdier som det norske skole- og utdanningssystemet bygger på, og hva som forventes av foreldre i samarbeidet mellom skole og hjem

Kjerneelement

Individ og fellesskap
Demokratiforståelse og deltakelse

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Samarbeid heim–skule

Et skrivebord sett ovenfra med notatblokk, blyant og hender som skriver på laptop. Foto.
AdobeStock

Dottera: Her er eit brev frå læraren min. Du må kome til utviklingssamtale neste veke.

Bestemora: Kvifor har læraren skrive brev? Har du gjort noko gale?

Dottera: Nei då, det er berre ein vanleg samtale med læraren. Alle i klassen har fått brev.

Bestemora: Er du sikker på at du ikkje har gjort noko gale? Då eg gjekk på skulen, snakka foreldra berre med læraren når barna hadde oppført seg dårleg.

Mora: Det er ikkje slik no lenger, veit du. Eg vil gjerne snakke med læraren og høyre korleis det går. Og så har eg nokre spørsmål om leksene.

Mor sitter på en stol, datteren står ved siden av. De snakker med kvinnelig lærer som sitter bak en pult. Foto.
AdobeStock

Foreldra har hovudansvaret for barna sine. Det er likevel bra for barn og ungdom om foreldra samarbeider med barnehagen og skulen om oppsedinga og utdanninga deira.

Foreldra og skulen skal, saman med barna sjølve, passe på at barn lærer det dei treng. Minst to gonger kvart år skal eleven, foreldra og læraren snakke saman om den faglege utviklinga og om korleis eleven har det på skulen.

Det er viktig at foreldra les og gjer seg kjende med all skriftleg informasjon som kjem frå skulen. Dersom foreldra lurer på noko, kan dei ta kontakt med læraren eller andre på skulen.

Snakk saman

  • Kva tyder det at skulen skal vere ein god stad å vere for alle?
  • Kva tyder medbestemming og medansvar?

Nokre gonger fungerer ikkje samarbeidet slik vi skulle ønskje. Foreldra og skulen kan ha ulike meiningar om kva som er viktig og rett. Eit anna problem kan vere at skulen og foreldra ventar ulike ting av kvarandre.
Nokre lærarar kan fortelje om situasjonar som desse:

  • Foreldra møter ikkje opp på foreldremøte og utviklingssamtalar.
  • Foreldra tek barna med på sommarferie til heimlandet og kjem ikkje attende til skulestart i august. Barna kjem på skulen nokre veker eller månader seinare.
  • Barn som er fødde i Noreg, snakkar dårleg norsk når dei byrjar på skulen.
  • Foreldre vil ikkje at elevane skal vere med på undervisning som går føre seg utanfor skulen, til dømes leirskule.
  • Elevar får ikkje vere med på kroppsøvings- eller symjeundervisning.
  • Kvifor tek nokre foreldre slike val?
  • Kva konsekvensar kan dette ha for barna?
  • Snakk om moglege løysingar på desse problema.
Tenåringsjente sammen med andre ungdommer. Smiler. Foto
GettyImages

Vel rett svar.

Kor ofte har læraren, eleven og foreldra samtalar om den faglege utviklinga og om korleis eleven har det på skulen?

Vel dei rette svara.

Kva snakkar ein om i samtalar med læraren?

Vel rett svar.

Nokre gonger fungerer ikkje samarbeidet slik vi skulle ønskje. Kva kan vere problemet? Her er fleire rette svar.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Det er viktig at foreldra les og gjer seg kjende med all skriftleg informasjon som kjem frå skulen.
Informasjon frå skulen kjem på Facebook.
Dersom foreldra lurer på noko, kan dei ta kontakt med læraren eller andre på skulen.
Foreldra og skulen er alltid samde om kva som er viktig og rett.
Foreldra har hovudansvaret for barna sine.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Skulen delar ansvaret for barnet si opplæring med foreldra.
Barnet skal sjølv passe på at det lærer det det treng.
Det går greitt å ikkje følgje med på skriftleg informasjon frå skulen.
Nokre lærarar fortel at det er eit problem at elevar ikkje får vere med på kroppsøvings- eller symjeundervisning.