Helse

  • Kva tyder god helse for deg?
  • Kven har ansvaret for helsa til innbyggjarane i eit land?
  • Kva kan vi sjølve gjere for å ta vare på helsa vår?
  • Må du tenkje på andre ting for å ta vare på helsa di no som du bur i Noreg enn då du budde i heimlandet ditt?
  • Kva ventar du deg når du går til legen?
  • I kva for situasjonar tykkjer du at det er naudsynt å gå til legen?

God helse – meir enn fråvær av sjukdom?

Somme vil seie at å ha god helse tyder at ein ikkje er sjuk. Andre vil seie at å ha god helse tyder at ein har det godt og trivst med livet sitt. Begge desse definisjonane av god helse er rette. I samfunn der alvorlege sjukdomar og fattigdom er ein stor del av livet, er kanskje den første definisjonen mest vanleg. I andre samfunn, der det finst medisinar mot dei fleste sjukdomar og alle kan få den legehjelpa dei treng, vil mange meine at god helse er meir enn berre å vere fysisk og psykisk frisk.

Kven har ansvaret for helsa vår?

Tidlegare tenkte ein ofte at helsevesenet hadde ansvaret for helsa til pasientane. Dei siste åra har det blitt meir vanleg å tenkje at vi sjølve har eit stort ansvar for helsa vår. Korleis vi vel å leve, påverkar helsa vår. Helsevesenet har ansvar for å gje råd og rettleiing, men det er vårt ansvar å følgje råda. Informasjon om korleis sjukdom kan førebyggjast og behandlast finst på internett, hos legen eller på apoteket.

Aygül: Eg er tett i nasen og har vondt i hovudet.
Legen: Ja, du er nok forkjøla. Har du vondt i halsen òg?
Aygül: Ikkje så veldig, men eg hostar litt.
Legen: Det går nok over i løpet av ei vekes tid. Dersom du ikkje er betre i slutten av neste veke, kan du bestille ein ny time.
Aygül: Får eg ikkje noko medisin?

I mange land er pasientar vane med at legen er ein autoritet som bestemmer behandlinga. Pasienten kan òg vere vand med at ein aldri går frå legen utan å ha fått medisin. I Noreg er det vanleg at pasienten og legen drøftar ulike moglegheiter for behandling og oppfølging.

Tips til undervisningen

Snakk sammen

Stikkord til diskusjonen: ha energi og overskudd, ikke være syk, føle velvære, fysisk kontra psykisk helse, bruk av medisiner, kroniske sykdommer, forebygging, livsstil, kosthold, trening, alkoholvaner, tobakk, informasjon, tannhelse, smittevern, økonomiens betydning for valgmulighetene, påkledning, forkjølelse

Snakk sammen om deltakernes forventninger til legebesøk, hva de er vant til fra tidligere og hva de kan forvente i Norge.

Snakk om kunstverket

Maleri. Mor ved sengen til sin syke datter.
Foto: Nasjonalmuseet/Børre Høstland «Det syke barn» malt av Edvard Munch (1885–1886).

Tips til undervisninga

Snakk saman

Stikkord til diskusjonen: ha energi og overskot, ikkje vere sjuk, kjenne velvære, fysisk kontra psykisk helse, medisinbruk, kroniske sjukdomar, førebygging, livsstil, kosthald, trening, alkoholvanar, tobakk, informasjon, tannhelse, smittevern, kva økonomi har å seie for ein person sine valmoglegheiter, påklednad, forkjøling

Snakk saman om kva deltakarane ventar seg av eit legebesøk, kva dei er vane med frå før og kva dei kan vente i Noreg.

Snakk om kunstverket

Maleri. Mor ved sengen til sin syke datter.
Foto: Nasjonalmuseet/Børre Høstland «Det syke barn» malt av Edvard Munch (1885–1886).