Helsetenester
Helsetenester
I eit velferdssamfunn er målet at heile folket skal kunne leve så godt som mogleg. Dette gjeld òg det å ha god helse. I Noreg har vi eit offentleg helsevesen. Det betyr at staten tek ansvaret for at innbyggjarane får den behandlinga dei treng, uavhengig av personleg økonomi. I tillegg finst det ulike private helsetenester. Dei som nyttar slike tenester, betaler for behandlinga sjølve.
Fastlege
- Alle innbyggjarar har rett til å ha ein allmennpraktiserande lege som sin faste lege. Dersom ein sjølv eller barna blir sjuke, er det fastlegen ein først skal ta kontakt med.
- Fastlegen kan vise deg vidare til ein spesialist dersom du treng det.
- Når du vil snakke med legen, må du ringje og bestille time. Vanlegvis må du vente nokre dagar på timen, men dersom du kjenner deg veldig sjuk, får du som regel time same dagen.
- Du vel kven som skal vere fastlegen din. Du kan byte fastlege dersom du ikkje er nøgd, men ikkje oftare enn to gonger i året.
På nettsida helsenorge.no kan ein finne seg ein fastlege, byte fastlege og finne annan viktig helseinformasjon.
Internett
Legespesialist
- Ein legespesialist kan til dømes vere ein gynekolog, ein hudlege, ein øyre-nase-hals-lege eller ein spesialist i barnesjukdomar.
- Som regel må ein ha tilvising frå fastlegen for å få time hos ein legespesialist.
Sjukehus
- Legen bestemmer om du treng å bli innlagd på sjukehus. Det er gratis å liggje på eit offentleg sjukehus. Det offentlege dekkjer alle kostnader for behandling, opphald og mat.
- Når barn ligg på sjukehus, bur ofte ein av foreldra på sjukehuset saman med barnet.
Poliklinisk behandling på sjukehus
- Poliklinisk behandling betyr at du får behandling på eit sjukehus, men at du ikkje blir innlagd. Du kjem til ein timeavtale og reiser heim når behandlinga er ferdig.
Strakshjelp
- Dersom du eller nokon i familien din blir sjuke eller skadar dykk når legekontoret er stengt, må du kontakte legevakta på telefon 116 117.
- Dersom nokon blir alvorleg sjuke eller skadde og treng hjelp med ein gong, må du ringje det medisinske naudnummeret 113.
- Snakk rolig og gje opplysningar i denne rekkjefølgja: Kven er du? Kva har hendt? Kvar er du?
Apotek
- Dei fleste medisinar får ein berre kjøpt på apotek.
- Nokre legemiddel, som til dømes milde smertestillande medisinar, kan du òg kjøpe i matbutikken eller på bensinstasjonar.
- Dei som jobbar på apoteka, gjev rettleiing om val og bruk av medisinar.
- I mange tilfelle treng du ein resept frå lege for å kjøpe medisinar. På resepten står namnet på medisinen og korleis han skal brukast.
- Resepten er ofte elektronisk, av og til på eit papir. Alle apotek har tilgang til den digitale resepten.
- Du må kunne identifisere deg (med bankkort, førarkort, pass eller ID-kort) når du skal hente reseptpliktige medisinar på apoteket.
- Dersom du har ein alvorleg og langvarig sjukdom, kan du få legemiddel, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriell på blå resept. Då betaler du berre ein liten eigendel.
Teieplikt
- Alle som jobbar i helsevesenet, har teieplikt. Det tyder at dei ikkje kan gje informasjon om deg vidare til andre dersom du ikkje ønskjer det. Difor kan du trygt snakke med legen din om kva problem du har. Du treng ikkje å vere redd for at nokon skal få vite kva du har sagt, ikkje ein gong nære familiemedlemar.
- Du har rett til å vite kva legen skriv om deg i journalen din.
- Teieplikta gjeld sjølv om personen du har snakka med, byter jobb.
- Teieplikta gjeld for tolkar òg.
- Barn over 16 år kan sjølve avgjere om foreldra deira skal få innsyn i helseopplysningar.
Eigendel
- Pasienten betaler ein eigendel, og staten betaler resten av det det kostar å gå til legen.
- Pasienten betaler sjølv for bandasjar, sprøyter, medisin, prøver og liknande. Dette kjem i tillegg til eigendelen.
- Barn under 16 år betaler ikkje eigendel.
- Svangerskapskontrollar er gratis.
- Eigendelen hos fastlegen er vanlegvis rundt 150–300 kroner per besøk.
- Dersom du har ein kronisk sjukdom, betaler du ein eigendel for medisinar på blå resept.
- Når du har betalt ein viss sum i eigendelar i løpet av eit år, har du rett til frikort. Når du har betalt denne summen i eigendelar, får du automatisk eit frikort frå Helseøkonomiforvaltninga (HELFO) i posten eller tilgang til eit digitalt frikort på helsenorge.no. Dette frikortet må du vise fram når du går til legen eller skal kjøpe medisinar på blå resept. Då slepp du å betale eigendelar resten av kalenderåret.
Bruk av tolk
Om du og legen ikkje forstår kvarandre, har du rett til å ha med ein tolk når du skal til legen. Denne tenesta er gratis.
Snakk saman
- Korleis fungerer helsetenestene i land du kjenner frå før?
- Staten betaler for behandlinga som er gratis for pasienten. Kvar får staten pengane frå?
- Kva er fordelane med å ha ein fastlege?
- Kvar ligg den næraste legevakta?
Vel rett svar.
Kva er eit offentleg helsevesen?
Vel rett svar.
Kven tek ein kontakt med først dersom ein treng legehjelp?
Vel rett svar.
Kva må ein person betale for å bli lagd inn på sjukehus i Noreg?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?
Vel rett eller gale.
Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?