Kritisk tenking og etisk medvit

Lærerinnhold

Tips til undervisningen

Snakk sammen

Det er viktig å snakke sammen om hvordan man kan vurdere hvor troverdig informasjon er. Vi blir alle bombardert med informasjon fra ulike kilder. Noen ganger får vi motstridende informasjon. Hvem skal man da stole på? Har avsender av informasjon en egen agenda? Skal man for eksempel stole på informasjon fra myndighetene eller fra venner om informasjonen er motstridende?

Hvordan blir det hvis barna lærer ikke å si i mot foreldrene hjemme og samtidig lærer i barnehagen eller på skolen å stille spørsmål og argumentere?

Tips til undervisninga

Snakk saman

Det er viktig å snakke saman om korleis ein kan vurdere kor truverdig informasjon er. Vi blir alle bombarderte med informasjon frå ulike kjelder. Nokre gonger får vi motstridande informasjon. Kven skal ein då lite på? Har avsendaren av informasjonen ein eigen agenda? Skal ein til dømes lite på informasjon frå styresmaktene eller frå vener dersom dei gjev motstridande informasjon?

Korleis blir det dersom barna heime lærer å ikkje seie imot foreldra og samstundes lærer i barnehagen eller på skulen å stille spørsmål og argumentere?

Læreplan

Grunnleggende ferdigheter

Digitale ferdigheter
Muntlige ferdigheter

Tverrfaglige tema

Demokrati og medborgerskap

Læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere etter integreringsloven

bruke kunnskap om personvern og opphavsrett, samt retten en selv og andre har til privatliv
samtale om betydningen av kritisk tenkning og etisk bevissthet, blant annet knyttet til digital dømmekraft

Kjerneelement

Perspektivmangfold og kritisk tenkning

Læringsaktivitet

Muntlig aktivitet

Kritisk tenking og etisk medvit

Seks personer står ved siden av hverandre. De holder opp tankebobler og snakkebobler laget med papir i forskjellige farger. Bildet illustrerer at de har forskjellige meninger. Foto
GettyImages

I dag legg det norske samfunnet vekt på at alle skal ha sine eigne meiningar. På skulen lærer barna å vere nyfikne og bruke kunnskapane dei får, til å gjere val som er rette for dei. Dei lærer å argumentere, drøfte og vere kreative. Det er altså ikkje nok å attfortelje det læraren har sagt eller det som står i læreboka. For å kunne utvikle ny kunnskap og innsikt, må ein stille spørsmål ved og diskutere det etablerte. Samstundes skal ein vere open for at ein sjølv kan ha ufullstendig kunnskap og erfaring.

Et nærbilde av et forstørrelsesglass foran en PC-skjerm. Bildet illustrerer at man bør granske kildene sine. Foto
GettyImages

I dag lever vi i eit informasjonssamfunn. Ingen menneske er i stand til å ha all informasjonen som finst, i hovudet. Då blir det viktig å vite kvar og korleis vi kan finne informasjonen vi treng. Mellom anna må vi lære å bruke internett og leite etter informasjon i bøker. Kven som helst kan leggje ut informasjon på internett, og ikkje alt som finst der, er like rett. Difor må vi vere kjeldekritiske.

Kjeldekritikk tyder å vurdere det ein les. Som lesar må ein stille seg nokre kritiske spørsmål, som til dømes:

  • Kven har skrive denne teksten?
  • Har den som skreiv teksten, nokon spesiell agenda?
  • Kva vil personen oppnå med å skrive akkurat denne teksten på akkurat denne måten?
  • Er opplysningane i teksten rette?
  • Kjem alle viktige fakta fram, eller er det viktige fakta som ikkje er tekne med?

Dersom vi brukar andre sine tekstar og bilete eller andre sin musikk osv. i våre eigne produksjonar, må vi alltid oppgje kven som har opphavsretten til materialet.

Etisk bevissthet handler om å balansere forskjellige hensyn, slik at du bedre kan ta avgjørelser og vurdere valgene du tar. Du blir bedre til å gjøre det som er riktig for samfunnet, menneskene rundt deg og deg selv.

  • Etisk medvit er å vege ulike omsyn mot kvarandre. Det trengst for å vere eit reflektert og ansvarleg menneske. Opplæringa skal utvikle elevane si evne til å gjere etiske vurderingar og gjere dei kjende med etiske problemstillingar.
  • Kritisk tenking og etisk medvit er både eit vilkår for og ein del av det å lære i mange ulike samanhengar, og dei hjelper elevane til å utvikle god dømekraft.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Snakk saman

  • Kva tyder kjeldekritikk?
  • Kor viktig er det at elevar og andre stiller spørsmål ved det dei les på internett?
  • Den norske skulen oppmuntrar elevane til å argumentere og ha eigne meiningar. Kva tenkjer du om det? Kvifor er det slik? Får det noko å seie for oppsedinga og forholdet mellom barn og foreldre?

Familien på fire treng ein ny bil. Bilen skal dei bruke på korte og litt lengre bilturar. Martin og Maria lurer på kva dei skal velje.
1. Ein stor bil med seks sete som kan brukast både på korte og lange turar. Bilen har plass til bestemor og bestefar, og han er ein dieselbil.
2. Ein elektrisk bil med fire sete som passar fint på korte turar med familien, men som må ladast undervegs dersom familien skal på langtur. Den har heller ikkje plass til bestemor og bestefar.

Martin og Maria er opptekne av miljøet og er dei næraste pårørande til bestemor og bestefar. Kva for etiske problemstillingar trur du at Martin og Maria diskuterer?

Mann og kvinne sitter med en pc og diskuterer. Foto
GettyImages

Vel rett svar.

Kva er kjeldekritikk?

Vel rett svar.

Kva stemmer for det norske samfunnet?

Vel rett svar.

Kva bør ein tenkje over når ein les noko på internett? Her er fleire rette svar.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Informasjon ein finn på internett, er rett informasjon.
I Noreg er det eit mål å vere samde.
Etisk medvit er å balansere ulike omsyn mot kvarandre slik at du blir betre til å ta avgjerder og vurdere val.
Kjeldekritikk er å vere usamd i det ein les.
Kritisk tenking og etisk medvit gjer at ein utviklar betre dømekraft.

Vel rett eller gale.

Les påstandane. Kva er rett? Kva er gale?

Når ein les informasjon på nettet, bør ein stille seg sjølv nokre kritiske spørsmål.
På skulen lærer barna å argumentere for meiningane sine.
I mange samanhengar er kritisk tenking og etisk medvit både eit vilkår for og ein del av det å lære.
Berre autoriserte personar kan leggje ut informasjon på internett.
For å kunne utvikle ny kunnskap og innsikt, må ein stille spørsmål ved og diskutere det etablerte.